Kulturløypa Våge - Helvik
Dette
er ei gammal ferdselsåre mellom Helvik og
Vågegardane. Fleire gardar på Våge hadde båt liggande i Helvik og rodde
over
til Hiskjo til handelsmannen.
Den
gamle stien var svært tilgrodd og mest
uframkommeleg då Våge skule sette i gang
eit prosjekt
med å få rydda han igjen i 1993. Elevar og lærarar la ned eit stort
arbeid med klypping av lyng og buskar,
drenering og skilting langs
stien. Sidan har løypa vore mykje brukt av bygdafolket.
Det
er mykje arbeid å halda
ei slik turløype ved like og med dei endringane som har komme i
læreplanane i
grunnskulen, var det ikkje lenger råd for skulen å finna rom for
praktiske
gjeremål av denne typen. Gutta på tur har
no overteke
vedlikehaldet av denne fine turløypa.
Ved
opninga av kulturløypa i 1993 laga Jan Leversund
ein liten video frå den første turen. Den kan du sjå her: http://www.youtube.com/watch?v=oCkG2RmonKE
God
tur!