Sølvrusto
Dette
er ei rundløype som går rundt Holmedalsvatnet. Løypa startar frå
Siggjarvåg og
går via Kabbrettedalen – Nyastemmo – Sølvrusto – Sølvrusteklubben –
Laksakaret –
Kyrkjeteigen og tilbake til Siggjarvåg. Løypa er lett og går stort sett
i skogsterreng.
Einaste skikkelege stigninga er opp til Sølvrusteklubben (og ein liten
klatretur
opp frå Finnåsvatnet). Deler av løypa kan vera litt våtlendt i
regnversperiodar
– så det kan vera aktuelt med gummistøvlar. Løypa er ca. 4,5 km og
rundturen tek om lag 1 ½ time i
roleg tempo, men ta deg tid til ein skikkeleg rastepause på
Sølvrusteklubben!
Eit kart over området finn du her.
I løypa vil du treffa på fleire interessante plassar. Her er nokre døme:
Kabbrettedalen
Dette
er eit svært gammalt namn som kan ha fleire tydingar.
Kabbretta
er den grumsete, brunfarga vellingen ein får når ein kokar brunost av
myse. I
dette området er det mange myrar og tjørn som har bekkar ned til Holmedalsvatnet. I desse myrane er det myrmalm
som har omlag samme fargen som kabbretta. Dette kan gje grunnlag for
namnet.
Ei
anna tyding kan vera kabb eller kubbe. I dialekten brukar ein framleis
ordet «kubben»
eller «kabben» i tydinga kort eller breivaksen. Kabbrettedalen kan då
rett og
slett bety den korte, rette dalen.
Nyastemmo
Ei
stemme er det samme som ein demning.
Tidlegare
hadde mange gardar eigne sager og kverner som blei drivne av
flaumvatnet om
hausten. I bekken som går frå Sætravatnet
ned til Holmedalsvatnet har Sætre-garden
hatt si kvern/sag. I søre
delen av Sætravatnet er det restar etter
ei oppdemming. Lenger ned finn me Nyastemmo. Ved hjelp av to
demningar kunne dei meir effektivt regulera flaumvatnet om hausten til saging av tømmer og maling av korn.
Det
er enno litt restar etter eit kvernhus nedanfor Nyastemmo.
Sølvrusteklubben
Me
har gjeve rundløypa namn etter åsryggen Sølvrusto.
Rust
tyder ein skogkledd åsrygg med skråning til begge sider. Sølv kjem
truleg av at
dei har funne kråkesølv i området – eller kanskje av fargen på åsen ein
solskinsmorgon.
På
toppen av Sølvrusteklubben (98 m. o.
h.) har Gutta på tur laga til ein
rasteplass. Det er
litt bratt opp hit, men til gjengjeld får du fint utsyn til mange
kantar.
Laksakaret
Holmedalsvatnet
og Finnåsvatnet
ligg om lag 25 m høgare enn sjøen i Finnåsvika.
Det
smale eidet mellom dei to vatna heiter frå gammalt Laksakaret. Namnet fortel oss at
det har vore fanga laks i Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet i eldre tider.
Kar
tyder nok i denne samanhengen ei oppdemming.
Her var
det demt opp og sett ut ein fangstreiskap – truleg ei
merd eller ei ruse – for å fanga laks og sjøaure som kom opp frå sjøen.
Så har
dei truleg prøvd å jaga fisken inn i den
oppsette fangstreidskapen.
Kveldsstemning ved Laksakaret