Juskevik
Eit
underleg gardsnamn som ingen har greidd å
finna ei
fullgod forklaring på. Det har vore gissa på at namnet kjem av Jydskevik etter ein jyde (danske) som har vore
her med
skipet sitt, men ei slik forklaring verkar litt konstruert. Namnet har
alltid
vore skrive Juskevik eller Juskevikjo
så lenge det har vore skriftlege kjelder.
Garden
er ikkje gammal og blei først oppteken som eigen gard i 1890, men det
har budd
folk her før det. Den første ein veit med visse som budde her var
Anders
Nilsson Stokkan som var fødd i Fitjar i 1745. Men den som har laga alle
dei
fine steinmurane i Juskevikjo var ein
svenske som kom
hit og gifta seg med Gunnhild Oline frå Juskevik. Han var steinarbeidar
og har mura
mangt og mykje på Bømlo. Han fekk ein trist ende ved at han slo seg i
hel i
steinberget i Steganeset. «Omkom ved at en
Sten
knuste hans Ben fra Laaret
af».
Plassen
er liten så det kan ikkje ha vore mykje å
leva av her.
Matrikkelen seier at det har vore fostra 4 kyr på det meste. Dei har
nok vore
både småe og magre. Skog fanst ikkje på garden, så dei har nok måtta
greia seg
med torv og rakved.
Johannes
Sortland fortalde at svigermor hans vaks
opp på Osparøya. Dei gjekk på skule i
Foldrøy og rodde inn til Juskevik og hadde båtlending
der.