FUTASTEINEN/STEINSÅSEN
Ein
liten avstikkar frå turløypa John’s Track
fører opp til Steinsåsen. Bjarne Kristiansen, som farta mykje i dette
området i
barndommen, fortalde dette om Steinsåsen:
Steinsåsen
høyrde frå gammalt til Erslandsgarden.
Ersland åtte også skog i dette området –
saman med rettar til m. a. å kasta
(stengja) makrell i
deler av sjøområdet Ikodnevikjo – Mækjebakken.
Det
var mange tvistar om desse rettane mellom
oppsitjarane på Ersland og Mækjebakken og
også
presten vart innblanda sidan 1/3 av Ersland var kyrkjegods. Ved fleire
høve
vart det hogge tømmer til vedlikehald
(kledning) av
den gamle Gåslandskyrkja i omtvista
skogteigar.
Den
viktigaste rettsaka om desse rettane vart halden
i 1722. Mækjebakken gjekk sigrande ut av
striden og
dommen i saka vart etter segna kunngjort av sorenskrivaren/futen frå
toppen av
ein diger stein oppe på denne åsen. Steinen har difor fått namnet FUTASTEINEN og har truleg gjeve namn
til den seinare buplassen STEINSÅSEN.
Jakob
Nilsson Ersland bygsla Steinsåsen i 1805 og
sette i gang med å rydja ein husmannsplass
der.
Han
må ha vore ein svært driftig kar – for då det
blei halde skifte etter han i 1829 fanst det her: Ei lita glasstove
(bustadhus), stabbur, løe med fjos, skjå
og utefjos. I tillegg hadde
husmannsplassen ei flaumsag og
mølle saman med Baståsen i vassdraget ned mot Finnåsvatnet.
Dessutan åtte han halvparten av eit naust, truleg i Ørevikjo.
På bruket var det då 4 kyr, 1 kalv, 1 hest og 14 smaler.
Han etterlet seg også sildegarn og ein god del verktøy, m. a. bøkkerverktøy. Ved sidan av gardsdrifta vart det
også i ein
periode bygd båtar i Steinsåsen, både robåtar og motorbåtar. Ein
motorbåt bygd
i Steinsåsen fanst lenge i Bakken (Solheim) i naustet til Olav Solheim.
Husmannen
må såleis hatt ei allsidig drift og
bruttoeiga i skiftet etter han blei sett til 170 spd.
– ingen liten sum for ein husmann i 1829!
Siste
brukaren i Steinsåsen var Ola Olson Kloster
som døydde i 1890. Mange av borna hans emigrerte til USA og då Ola
døydde vart
plassen fråflytta. Bustadhuset vart rive
og flytta
til Bakken der det vart sett opp att. Alt
dette
skjedde på dugnad. Huset står på Bakken enno, men er ombygd
og modernisert.
Det
har nok gått noko nedoverbakke med drifta på
Steinsåsen etter Jakob Ersland sine velmaktsdagar. Då plassen blei lagt
ned var
både drifta og talet på husdyr sterkt redusert.
Bergen
Skogselskap kjøpte storparten av Steinsåsen i
1903 og planta han til med gran. Granskogen er svært øydeleggande for
gammalt
kulturlandskap, så det er vanskeleg i dag å
førestilla
seg korleis der ein gong må ha vore med bygningar, åkerlappar,
slåtteteigar,
beitemark, lauvskog og blandingsskog.