Brekke/Økland 21.02.13
Ja ha, så var
Gutta På Tur sin faste torsdagstur ferdig
for denne veka
(veke 08). I dag bruker eg ein del lokale Bømlo-ord og uttrykk. I dag
var det
parkering på Øyero i tunet hos Leifen
(han med postkassestativo). Me gjekk
derfrå langs
asfaltvegen ned til Kvednavikjo og inn på
ein sti innimjødlo lyng og brakje,
vestover markjo imot Øklandsosen
og Nessosen i sør. I vest såg me Goddestakkjen
- Goddehesten - Rogøyno
-
Brekkeholmen og Akselholmen og Svortlandsjero
i vest.
Mot nord og aust i det fjerne såg me Fitjar Vindmøllenepark
(såg ikkje ei vifta sveiv). Så bar det austover langs med Klovøysonde
og til vestsio av Øyerspodlen,
der hadde me kaffipausen nede med sjødn på
ein kai
med gråvbrøsjeva å
leverpostei. Ittepå bar da vidare til austsio av Øyerspodlen
og opp og
tilbake til Øyero og bilane våre
samme sjøveien/stien
som
Torleif og dei gjekk når dei skulle besøkja besto si.
Me var 29
glade gutar
som hadde ein kjempeflott tur på ca. 5 km på ca. 2 tim og forbrente
mellom 1250 og 1300 kcal, følte eg nett då etterpå, men ikkje no
lenger. Takk
for turen!
(Skrive av
Johannes S.)