Baståsen
Føl
du rundløypa vår, John’s Track,
kjem du til Baståsen.
Ein
veit ikkje sikkert når Baståsen blei rydda, men truleg har det vore ein
gard
her alt i mellomalderen som seinare er blitt lagt øyde. På 1800-talet
var det
ein husmannsplass under garden Sætre, men frå 1868 blei det fråskild
som eige
bruk. Baståsen blei fråflytta som buplass
rundt 1915.
På
det meste fødde bruket 1 hest, 5 kyr, 15 sauer og ein gris.
Namnet
Baståsen tyder på at det har vakse lind på denne staden. Det var nemleg
fibrane
av lindetreet som blei nytta til å fletta
bastetog av.
Baståsen
blei tidlegare mykje nytta som stemnestad både av indremisjonen og fråhaldslag - og det
har jamvel vore spela friluftsteater der.
Sist
på 40- og først på 50-talet var Baståsen ein fast møtestad for
ungdommane i
sommarhalvåret. Her blei det både sparka løkkefotball og drive med
friidrett.
Som
mange andre slike idyllar er det blitt øydelagt og totalt forandra av granplanting.
På
toppen av åsen har Gutta på tur laga til
ein
rasteplass som blir mykje nytta av folk i området.