- Te dei sterke vil eg
sei at i vårt goda fellesskap
- Hende da me
sveklingane må je oss på tap
- Imjødlo kraft og
svakhet der e da ett digert gap
- Då e dåkas
forståelse ein nyttig egenskap.
-
- Tenk på oss stakkars
karane me åra som e tett
- Vår stakkars
hjartemuskel har da slettis ikkje lett
- Hans arbeidsplass
befinn seg mjødlo kalk og gammalt fett
- Han får for lite
oksygen te drifto rett og slett
-
- Alt halvveis oppi
bakkane har me mot veggen støtt
- Vårt heila liv og
tanke seier «gubba eg e trøtt»
- Den herre
motebakkjen e den lengste eg ha møtt
- Mitt liv som
friluftsmenneske sku alt ha vore døtt
-
- Da svir og brenn i
leggene og låro dirra svakt
- Og føtno stikk og
klagar seg, vil ikkje gå i takt
- Me tenkjer på ett
eventyr om helikopterfrakt
- Men enda opp med
atte da blir berre brukt på slakt
-
- Me snofla i ei
brakarot og går på tryne ned
- Og ynskje å få
liggja der, krepera heilt i fred
- Då vil støtt einkvan
veta ka da e me bala med
- Du kan kje kvila
her, finn deg ett betre sted
-
- So turen den går
vidare med stønn og sukk og slit
- Og trakking uti
myrane med veta og med skit
- Frå håve sila
svetten ned, i føtno frosten bit
- På nasen vesaldråpen
heng frå munnen fråden kvit
-
- I ondebakkjen ner
ifrå ein sabla høge topp
- Me tenkje no blir da
litt kvila for vår stakkars kropp
- Då skal de plent
bevisa atte de treng ikkje stopp
- De hiv dåke på
skjekene og sete farten opp
-
- Ein kan vel sakta
undrast koffor vil me oss so vondt
- Vel skulde me ha
slutta før enn noko ryke sondt
- Da skuldast sikkert
vennskapet og felles horisont
- Og ikkje minst om
torsdagen å ha ein faste dont
-
- For sjøl om desse
klagene jo høyrest heisne ut
- Er gledo stor med da
å endo vara ein turgut
- Me håpa atte
kreftene enn ikkje er heilt slutt
- For gutane på tur er
verdt ein ekstra stor salutt
-
- De må kje ta
bokstavele alt det som her er sagt
- For har da vore
skjærmysla er dei tebakelagt
- Ja itte me e
heimkomen og ned på benkjen lagt
- Me kjedne at med
livet har me enno god kontakt.
Øyvind Glittenberg
(framført på julabordet 2013)