Kulturløypa Våge - Helvik

Dette er ei gammal ferdselsåre mellom Helvik og Vågegardane. Fleire gardar på Våge hadde båt liggande i Helvik og rodde over til Hiskjo til handelsmannen.

Den gamle stien var svært tilgrodd og mest uframkommeleg då Våge skule sette i gang eit prosjekt med å få rydda han igjen i 1993. Elevar og lærarar la ned eit stort arbeid med klypping av lyng og buskar, drenering og skilting langs stien. Sidan har løypa vore mykje brukt av bygdafolket.

Det er mykje arbeid å halda ei slik turløype ved like og med dei endringane som har komme i læreplanane i grunnskulen, var det ikkje lenger råd for skulen å finna rom for praktiske gjeremål av denne typen. Gutta på tur har no overteke vedlikehaldet av denne fine turløypa.

Ved opninga av kulturløypa i 1993 laga Jan Leversund ein liten video frå den første turen. Den kan du sjå her: http://www.youtube.com/watch?v=oCkG2RmonKE

God tur!