Sølvrusto

Dette er ei rundløype som går rundt Holmedalsvatnet. Løypa startar frå Siggjarvåg og går via Kabbrettedalen – Nyastemmo – Sølvrusto – Sølvrusteklubben – Laksakaret – Kyrkjeteigen og tilbake til Siggjarvåg. Løypa er lett og går stort sett i skogsterreng. Einaste skikkelege stigninga er opp til Sølvrusteklubben (og ein liten klatretur opp frå Finnåsvatnet). Deler av løypa kan vera litt våtlendt i regnversperiodar – så det kan vera aktuelt med gummistøvlar. Løypa er ca. 4,5 km og rundturen tek om lag 1 ½ time i roleg tempo, men ta deg tid til ein skikkeleg rastepause på Sølvrusteklubben!

 

Eit kart over området finn du her.

 

 

I løypa vil du treffa på fleire interessante plassar. Her er nokre døme:

 

 

Kabbrettedalen

Dette er eit svært gammalt namn som kan ha fleire tydingar.

Kabbretta er den grumsete, brunfarga vellingen ein får når ein kokar brunost av myse. I dette området er det mange myrar og tjørn som har bekkar ned til Holmedalsvatnet. I desse myrane er det myrmalm som har omlag samme fargen som kabbretta. Dette kan gje grunnlag for namnet.

Ei anna tyding kan vera kabb eller kubbe. I dialekten brukar ein framleis ordet «kubben» eller «kabben» i tydinga kort eller breivaksen. Kabbrettedalen kan då rett og slett bety den korte, rette dalen.

Nyastemmo

Ei stemme er det samme som ein demning.

Tidlegare hadde mange gardar eigne sager og kverner som blei drivne av flaumvatnet om hausten. I bekken som går frå Sætravatnet ned til Holmedalsvatnet har Sætre-garden hatt si kvern/sag. I søre delen av Sætravatnet er det restar etter ei oppdemming. Lenger ned finn me Nyastemmo. Ved hjelp av to demningar kunne dei meir effektivt regulera flaumvatnet om hausten til saging av tømmer og maling av korn.

Det er enno litt restar etter eit kvernhus nedanfor Nyastemmo.

Sølvrusteklubben

Me har gjeve rundløypa namn etter åsryggen Sølvrusto.

Rust tyder ein skogkledd åsrygg med skråning til begge sider. Sølv kjem truleg av at dei har funne kråkesølv i området – eller kanskje av fargen på åsen ein solskinsmorgon.

På toppen av Sølvrusteklubben (98 m. o. h.) har Gutta på tur laga til ein rasteplass. Det er litt bratt opp hit, men til gjengjeld får du fint utsyn til mange kantar.

Laksakaret

Holmedalsvatnet og Finnåsvatnet ligg om lag 25 m høgare enn sjøen i Finnåsvika. Det smale eidet mellom dei to vatna heiter frå gammalt Laksakaret. Namnet fortel oss at det har vore fanga laks i Finnåsvatnet og Holmedalsvatnet i eldre tider.

Kar tyder nok i denne samanhengen ei oppdemming. Her var det demt opp og sett ut ein fangstreiskap – truleg ei merd eller ei ruse – for å fanga laks og sjøaure som kom opp frå sjøen. Så har dei truleg prøvd å jaga fisken inn i den oppsette fangstreidskapen.

Kveldsstemning ved Laksakaret