FUTASTEINEN/STEINSÅSEN

Ein liten avstikkar frå turløypa John’s Track fører opp til Steinsåsen. Bjarne Kristiansen, som farta mykje i dette området i barndommen, fortalde dette om Steinsåsen:

Steinsåsen høyrde frå gammalt til Erslandsgarden. Ersland åtte også skog i dette området – saman med rettar til m. a. å kasta (stengja) makrell i deler av sjøområdet IkodnevikjoMækjebakken.

Det var mange tvistar om desse rettane mellom oppsitjarane på Ersland og Mækjebakken og også presten vart innblanda sidan 1/3 av Ersland var kyrkjegods. Ved fleire høve vart det hogge tømmer til vedlikehald (kledning) av den gamle Gåslandskyrkja i omtvista skogteigar.

Den viktigaste rettsaka om desse rettane vart halden i 1722. Mækjebakken gjekk sigrande ut av striden og dommen i saka vart etter segna kunngjort av sorenskrivaren/futen frå toppen av ein diger stein oppe på denne åsen. Steinen har difor fått namnet FUTASTEINEN og har truleg gjeve namn til den seinare buplassen STEINSÅSEN.

 

Jakob Nilsson Ersland bygsla Steinsåsen i 1805 og sette i gang med å rydja ein husmannsplass der.

Han må ha vore ein svært driftig kar – for då det blei halde skifte etter han i 1829 fanst det her: Ei lita glasstove (bustadhus), stabbur, løe med fjos, skjå og utefjos. I tillegg hadde husmannsplassen ei flaumsag og mølle saman med Baståsen i vassdraget ned mot Finnåsvatnet. Dessutan åtte han halvparten av eit naust, truleg i Ørevikjo. På bruket var det då 4 kyr, 1 kalv, 1 hest og 14 smaler. Han etterlet seg også sildegarn og ein god del verktøy, m. a. bøkkerverktøy. Ved sidan av gardsdrifta vart det også i ein periode bygd båtar i Steinsåsen, både robåtar og motorbåtar. Ein motorbåt bygd i Steinsåsen fanst lenge i Bakken (Solheim) i naustet til Olav Solheim.

Husmannen må såleis hatt ei allsidig drift og bruttoeiga i skiftet etter han blei sett til 170 spd. – ingen liten sum for ein husmann i 1829!

Siste brukaren i Steinsåsen var Ola Olson Kloster som døydde i 1890. Mange av borna hans emigrerte til USA og då Ola døydde vart plassen fråflytta. Bustadhuset vart rive og flytta til Bakken der det vart sett opp att. Alt dette skjedde på dugnad. Huset står på Bakken enno, men er ombygd og modernisert.

Det har nok gått noko nedoverbakke med drifta på Steinsåsen etter Jakob Ersland sine velmaktsdagar. Då plassen blei lagt ned var både drifta og talet på husdyr sterkt redusert.

Bergen Skogselskap kjøpte storparten av Steinsåsen i 1903 og planta han til med gran. Granskogen er svært øydeleggande for gammalt kulturlandskap, så det er vanskeleg i dag å førestilla seg korleis der ein gong må ha vore med bygningar, åkerlappar, slåtteteigar, beitemark, lauvskog og blandingsskog.