Brekke/Økland 21.02.13

Ja ha, så var Gutta På Tur sin faste torsdagstur ferdig for denne veka (veke 08). I dag bruker eg ein del lokale Bømlo-ord og uttrykk. I dag var det parkering på Øyero i tunet hos Leifen (han med postkassestativo). Me gjekk derfrå langs asfaltvegen ned til Kvednavikjo og inn på ein sti innimjødlo lyng og brakje, vestover markjo imot Øklandsosen og Nessosen i sør. I vest såg me Goddestakkjen - Goddehesten - Rogøyno - Brekkeholmen og Akselholmen og Svortlandsjero i vest. Mot nord og aust i det fjerne såg me Fitjar Vindmøllenepark (såg ikkje ei vifta sveiv). Så bar det austover langs med Klovøysonde og til vestsio av Øyerspodlen, der hadde me kaffipausen nede med sjødn på ein kai med gråvbrøsjeva å leverpostei. Ittepå bar da vidare til austsio av Øyerspodlen og opp og tilbake til Øyero og bilane våre samme sjøveien/stien som Torleif og dei gjekk når dei skulle besøkja besto si.

Me var 29 glade gutar som hadde ein kjempeflott tur på ca. 5 km på ca. 2 tim og forbrente mellom 1250 og 1300 kcal, følte eg nett då etterpå, men ikkje no lenger. Takk for turen!

(Skrive av Johannes S.)

 

 

Løypekartet finn du HER.