Baståsen

Føl du rundløypa vår, John’s Track, kjem du til Baståsen.

Ein veit ikkje sikkert når Baståsen blei rydda, men truleg har det vore ein gard her alt i mellomalderen som seinare er blitt lagt øyde. På 1800-talet var det ein husmannsplass under garden Sætre, men frå 1868 blei det fråskild som eige bruk. Baståsen blei fråflytta som buplass rundt 1915.

På det meste fødde bruket 1 hest, 5 kyr, 15 sauer og ein gris.

Namnet Baståsen tyder på at det har vakse lind på denne staden. Det var nemleg fibrane av lindetreet som blei nytta til å fletta bastetog av.

Baståsen blei tidlegare mykje nytta som stemnestad både av indremisjonen og fråhaldslag  - og det har jamvel vore spela friluftsteater der.

Sist på 40- og først på 50-talet var Baståsen ein fast møtestad for ungdommane i sommarhalvåret. Her blei det både sparka løkkefotball og drive med friidrett.

Som mange andre slike idyllar er det blitt øydelagt og totalt forandra av granplanting.

På toppen av åsen har Gutta på tur laga til ein rasteplass som blir mykje nytta av folk i området.