Turgutane sin RAP

Te dei sterke vil eg sei at i vårt goda fellesskap
Hende da me sveklingane må je oss på tap
Imjødlo kraft og svakhet der e da ett digert gap
Då e dåkas forståelse ein nyttig egenskap.
 
Tenk på oss stakkars karane me åra som e tett
Vår stakkars hjartemuskel har da slettis ikkje lett
Hans arbeidsplass befinn seg mjødlo kalk og gammalt fett
Han får for lite oksygen te drifto rett og slett
 
Alt halvveis oppi bakkane har me mot veggen støtt
Vårt heila liv og tanke seier «gubba eg e trøtt»
Den herre motebakkjen e den lengste eg ha møtt
Mitt liv som friluftsmenneske sku alt ha vore døtt
 
Da svir og brenn i leggene og låro dirra svakt
Og føtno stikk og klagar seg, vil ikkje gå i takt
Me tenkjer på ett eventyr om helikopterfrakt
Men enda opp med atte da blir berre brukt på slakt
 
Me snofla i ei brakarot og går på tryne ned
Og ynskje å få liggja der, krepera heilt i fred
Då vil støtt einkvan veta ka da e me bala med
Du kan kje kvila her, finn deg ett betre sted
 
So turen den går vidare med stønn og sukk og slit
Og trakking uti myrane med veta og med skit
Frå håve sila svetten ned, i føtno frosten bit
På nasen vesaldråpen heng frå munnen fråden kvit
 
I ondebakkjen ner ifrå ein sabla høge topp
Me tenkje no blir da litt kvila for vår stakkars kropp
Då skal de plent bevisa atte de treng ikkje stopp
De hiv dåke på skjekene og sete farten opp
 
Ein kan vel sakta undrast koffor vil me oss so vondt
Vel skulde me ha slutta før enn noko ryke sondt
Da skuldast sikkert vennskapet og felles horisont
Og ikkje minst om torsdagen å ha ein faste dont
 
For sjøl om desse klagene jo høyrest heisne ut
Er gledo stor med da å endo vara ein turgut
Me håpa atte kreftene enn ikkje er heilt slutt
For gutane på tur er verdt ein ekstra stor salutt
 
De må kje ta bokstavele alt det som her er sagt
For har da vore skjærmysla er dei tebakelagt
Ja itte me e heimkomen og ned på benkjen lagt
Me kjedne at med livet har me enno god kontakt.

 

                              Øyvind Glittenberg (framført på julabordet 2013)