referat STYREMØTE

 

 

 

 

tidspunkt/stad:

12. november 2013 kl. 10.00 i Erevik Grendatun.

møte innkalla av:

Dagfinn Hellen

MøteleIAR:

Dagfinn Hellen

SKRIVAR:

Einar Kippersund

DeltAKARAR:

Dagfinn Hellen, Sigurd Emil Sele, Einar Kippersund

 

 

Sak nr. 1

GJENNOMGANG AV SAKER PÅLAGD AV ÅRSMØTET 2013

 

DRØFTINGAR

 

Referatet frå årsmøtet 2013 blei gjennomgått med tanke på saker årsmøtet bad styret om å arbeida vidare med.

a)     I sak 3 bad årsmøtet styret om å finna måtar å ta vare på tidlegare medlemmer slik at dei kunne vera med på ymse samkomer i laget. Dette har styret praktisert på den måten at dei to det gjeld har fått tilbod om å vera med på fellesturar og samkomer, men det har vore lite respons frå dei.

b)     I sak 5B. blei styret oppmoda om å finna måtar å heidra dei som har 300 turar eller meir. Styret hadde saka oppe på styremøte i januar og har også seinare drøfta saka ved fleire høve og har samla seg om ein slik tekst: «Medlemmer som har oppnådd 300 turar blir heidra med blomar eller gåve. Det same ved 350 turar, 400 turar osb.» Denne tekstendringen må innarbeidast i vedtektene.

c)      I sak 6 vedtok årsmøtet at det skal vera minst ei fellessamkoma med ledsagarar og ein fellestur kvart år. Fellesturane skal gå annakvart år innanlands og annakvart år utanlands. Til å førebu samkomer og turar blir arrangementskommiteen supplert med leiar.

d)     I sak 9 punkt 1 blei styret bedne om å vurdera medlemskap i Frivilligsentralen. Svært mange av medlemmene våre er alt engasjerte i arbeid i Frivilligsentralen og styret meiner det kan bli i meste laget dersom GPT i tillegg skal gå inn i eit forpliktande medlemsskap. Styret vil i staden sterkt oppmoda medlemmene om å engasjera seg på frivillig basis.

e)     I sak 9 punkt 5 vedtok årsmøtet at GPT skulle etablera heimesider på internett. Dette er gjennomført.

VEDTAK

 

Endringar i vedtektene blir lagde fram for årsmøtet til godkjenning.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Innarbeida tekstendringar i vedtektene

Dagfinn

17. desember

 

 

 

 

Sak nr. 2

program for årsmøtet 2014

 

DRØFTINGAR

 

Årsmøteprogrammet blei drøfta. Det var også semje om at Erevik grendahus er ein velegna stad for møtet og at 16. januar var ein høveleg dato.

VEDTAK

 

Årsmøtet bli 16. januar 2014 på Erevik grendahus.

 

Styret samla seg førebels om slikt innhald på årsmøtet:

1)     Godkjenning av innkalling og sakliste

2)     Val av møteleiar og referent

3)     Årsmelding

4)     Rekneskap

5)     Innkomne saker

6)     Godkjenning av endringar i vedtektene

7)     Turprogram for våren 2014

8)     Orienteringar

a)     Avtale med Bømlo Turlag

b)     Erfaringar med den nye dugnadsordninga

c)      Turbenkane, sponsorar

d)     Kurs i bruk av hjartestartar

e)     Heimesidene

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Gjera avtale om lokale og bevertning

Laga førebels utkast til årsmelding

Dagfinn

Dagfinn/Einar

Snarast

 

 

 

Sak nr. 3

 

 

 

Ymse

 

DRØFTINGAR

 

a)     Styret har tidlegare drøfta om ein skulle sponsa julebordet slik at ein kunne fastsetja deltakarprisen på dette på førehand. Alt etter kor mange som melder seg på, vil det bli snakk om eit utlegg på 100 – 150 kr pr deltakar.

b)     Einar stilte spørsmålet om me skal vidareføra avtalen med One.com om webplass for heimesidene. Avtalen må seiast opp innan 11. desember dersom ein vil unngå å betala for 2014. Årleg utgift 425,- kr.

VEDTAK

 

a)     Prisen på julabordet blir sett til 500,- kr pr person. Kostnadar utover dette blir dekte av laget.

b)     Avtalen med One.com om domenenamn og webplass for heimesidene blir vidareført.

c)      Nytt styremøte i Erevik grendahus 17. desember kl. 10.00

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Gjera avtale med One.com om webplass for heimesidene

Einar

Innan 11. des.