referat STYREMØTE

 

 

 

 

tidspunkt/stad:

17. desember 2013 kl. 10.00 i Erevik Grendatun.

møte innkalla av:

Dagfinn Hellen

MøteleIAR:

Dagfinn Hellen

SKRIVAR:

Einar Kippersund

DeltAKARAR:

Dagfinn Hellen, Lars Johan Fylkesnes, Sigurd Emil Sele, Einar Kippersund

 

 

Sak nr. 1

GJENNOMGANG AV SAKER til ÅRSMØTET 2014

 

DRØFTINGAR

 

a)     Framlegget til nye vedtekter blei gjennomgått og endra litt.

b)     Utkastet til årsmelding blei drøfta. Me brukar stort sett Einar sitt framlegg og innpassar Dagfinn sine notat i det. Nokre innspel som kom fram i møtet blei også tilføydd.

c)      Styret skal koma med framlegg om nytt medlem i valnemnda. Styret samla seg om Kjell Normann som kandidat.

d)     Dagfinn har bede om at me må ha ein gjennomgang av korleis me brukar heimesidene. Saka er sett opp som punkt 9e) på årsmøtet.

VEDTAK

 

a)     Endringar i vedtektene blir lagde fram for årsmøtet til godkjenning.

b)      

c)      Styret gjer framlegg om Kjell Normann Habbestad som nytt medlem i valnemnda.

d)     Einar lagar ei brukarrettleiing til heimesidene.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Reinskriva årsmelding og framlegg til nye vedtekter.

Senda ut innkalling til årsmøte og årsmøtepapir.

Laga brukarrettleiing til heimesidene.

Einar

Snarast

 

 

 

 

Sak nr. 2

heidersteikn på årsmøtet 2014

 

DRØFTINGAR

 

Frammøtelistene for 2013 blei gjennomgått og summerte. Det syner seg at det blir svært mange diplomar å dela ut i år. 5 medlemmer har gjort seg fortente til plakett, 3 har over 300 turar og 1 har over 350.

Einar har kjøpt inn nye plakettar. Dei me har brukt tidlegare var ikkje lenger i handelen, men me har kjøpt inn ein type som liknar. Teksten er den samme som før.

Styret har fått fullmakt til å finna ein måte å heidra dei med over 300 turar. Denne gongen har me samla oss om eit krus med GPT sin logo og teksten "Eg har gått 300 turar med Gutta på tur". Einar har kjøpt inn krus. Me var også samde om at dette er vårt heidersteikn denne gongen, men at me ikke vil bitta opp seinare styre til å nytta same krusa.

VEDTAK

 

a)     Heidersteikn for meir enn 300 turar blir denne gongen krus som Einar har kjøpt inn. Seinare styre står fritt til å finna andre høvelege heidersteikn.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Ordna med gravering av namn på plakettane

Laga nye diplomar til utdeling på årsmøtet

Dagfinn

Einar

Til årsmøtet

 

 

 

Sak nr. 3

 

 

 

Ymse

 

DRØFTINGAR

 

a)     Me må ha eit førebuingsmøte i forkant av årsmøtet.

VEDTAK

 

a)     Nytt styremøte i Erevik grendahus 15. januar kl. 18.00

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist