referat STYREMØTE

 

 

 

 

tidspunkt/stad:

04. juni 2013 kl. 10.00 i Erevik Grendatun.

møte innkalla av:

Dagfinn Hellen

MøteleIAR:

Dagfinn Hellen

SKRIVAR:

Einar Kippersund

DeltAKARAR:

Dagfinn Hellen, Lars Johan Fylkesnes, Sigurd Emil Sele, Einar Kippersund

 

 

Sak nr. 1

turprogram haust 2013

 

DRØFTINGAR

 

Dagfinn hadde laga utkast til eit turprogram for hausten. Dette blei med nokre endringar vedteke som eit førebels program som kan sendast ut til medlemmene. Eventuelle innspel frå medlemmene kan innarbeidast i programmet seinare.

VEDTAK

 

Haustprogrammet blir sendt ut til medlemmene og lagt ut på heimesidene.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Reinskriving av turprogram/utsending/publisering.

Einar

Snarast

 

 

 

 

Sak nr. 2

dugnadsgjengane - endringar

 

DRØFTINGAR

 

Det nye systemet med dugnadsgjengar som er ansvarlege for kvar sine løyper har synt seg å fungera godt.

For å få større fleksibilitet har det vore ønske om å samla Svortlandsløypene under ein felles dugnadsgjeng. Det har også vore naudsynt med litt justeringar på nokre av dei andre gruppene.

VEDTAK

 

Ansvaret for vedlikehald av Svortlandsløypene blir samla til ein stor dugnadsgjeng. Nokre endringar på dei andre dugnadsgruppene. Endringane går fram av oppsettet på heimesidene.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Reinskriving av oppsett for dugnadsgjengane og publisering på heimesidene.

Einar

Snarast

 

 

 

Sak nr. 3

 

 

 

arbeidet med skiltplanen

 

DRØFTINGAR

 

Arbeidet med skiltplanen er godt i gang. Det skal vera eit møte med Turlaget i veke 24.

VEDTAK

 

Orienteringssak. Ikkje noko vedtak.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Koordinera arbeidet med skiltplanen.

Dagfinn

Fortløpande

 

 

Sak nr. 4

Ventelister for medlemskap

 

DRØFTINGAR

 

Det er for tida 6 søkjarar som ventar på å bli opptekne som medlemmer i GPT:

 

1.      Robert Halleraker

2.      Lars Gunnar Brekke

3.      Reidar Nesse

4.      Helge Halderaker

5.      Audun Sandvik

6.      Dag Lothe

 

Det blei litt diskusjonar om kven som kan bli medlemmar i laget. Det var semje om at det trengst ei avklaring om dette. Det må i tilfelle leggast fram for årsmøtet. Styret vil komma tilbake til dette seinare.

VEDTAK

 

Dagfinn føl opp opptak av nye medlemmer. Einar sender velkomsthelsing og naudsynte opplysningar til nye medlemmer.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Ta opp nye medlemmer/senda velkomst og orientering.

Dagfinn/Einar

Fortløpande

 

 

Sak nr. 5

søknad om sponsormidlar

 

DRØFTINGAR

 

Laget bør søka om midlar til skilt og materialar til vedlikhald av løypene. Aktuelle sponsorar i denne omgangen er Finnås Kraftlag og Wärtsiläfondet.

VEDTAK

 

Dagfinn utarbeider søknad til Finnås Kraftlag innan fristen 15. september. Einar sjekkar søknadsfrist til Wärtsiläfondet.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Utarbida søknad, sjekka søknadsfristar.

Dagfinn/Einar

September

 

 

Sak nr. 6

ymse

 

DRØFTINGAR

 

Leiaren deltok på jubileumsmakeringa for Bømlo kommune og helste frå GPT. Helsinga blir lagt ut på heimesidene.

Einar melder om at heimesidene våre blir flittig brukte – også av folk utanfor laget. Til no har 3041 ulike personar (ulike nettadresser) vore innom. Gjennomsnittleg har me 19 besøk dagleg. Einar har også fått gode tilbakemeldingar på sidene. Mest populært er biletstoffet og løypekarta.

VEDTAK

 

Ingen vedtak.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist