referat STYREMØTE

 

 

 

 

tidspunkt/stad:

16. jan. 2013 kl. 10.00 i Fylkesnes fisk sine lokale.

møte innkalla av:

Dagfinn Hellen

MøteleIAR:

Dagfinn Hellen

SKRIVAR:

Einar Kippersund

DeltAKARAR:

Dagfinn Hellen, Lars Johan Fylkesnes, Sigurd Emil Sele, Einar Kippersund

 

 

Sak nr. 1

konstituering/fullmakter

 

DRØFTINGAR

 

Det låg på ein måte i korta då dei nye i styret blei valde at Sigurd Emil tok på seg kasserarjobben og at Einar tek sekretærjobben. Det var òg naturleg at Dagfinn held fram som leiar. Lars Johan blir då nestleiar.

Styret finn det naturleg at kasserar, saman med leiar, får fullmakt til å disponera laget sin bankkonto.

VEDTAK

 

Styret konstituerte seg slik:

Leiar: Dagfinn Hellen

Nestleiar: Lars Johan Fylkesnes

Kasserar: Sigurd Emil Sele

Skrivar: Einar Kippersund

 

Sigurd Emil Sele og Dagfinn Hellen får fullmakt til å disponera laget sin bankkonto.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Behandling av fullmakt. Kontakta banken.

Sigurd Emil Sele

Snarast

 

 

 

 

Sak nr. 2

heimesider/dataprogram

 

DRØFTINGAR

 

 I samsvar med årsmøtevedtak har Einar kjøpt domenenamn for heimesider og gjort avtale om lagring av heimesider og bilete. Han har førebels gjort avtale om 30Gb lagringsplass. Det innkjøpte domenenamnet er: turgutane.org. Årleg kostnad blir om lag 550,- kr.

Einar hadde også utarbeidd eit framlegg til logo for Gutta på tur.

På årsmøtet kom det framlegg om at laget burde vurdera innkjøp av eit dedikert rekneskapsprogram. Den nyvalde kasseraren såg ikkje dette som noko særleg behov. Han har gode datakunnskaper og kan sjølv laga dei rekneareka han treng for å føra rekneskapen.

VEDTAK

 

Styret godkjenner at det blir oppretta heimesider for laget med domenenamn www.turgutane.org. Laget tek på seg dei årlege kostnadane til vedlikehald av domenet.

Styret godkjenner Einar sitt framlegg som logo for Gutta på tur Bremnes. Den nye logoen viser øvst på denne sida.

Styret finn det førebels ikkje naudsynt å gå til innkjøp av eit eige rekneskapsprogram.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Oppretting og vedlikehald av heimesidene.

Einar Kippersund

Fortløpande

 

 

 

Sak nr. 3                           svar til gjensidigestiftinga

DRØFTINGAR

 

Laget har fått tildelt 20.000 kr frå Gjensidigefondet. Det skal svarast på ein del spørsmål og lagast ein signert avtale med Gjensidigestiftinga.

VEDTAK

 

Einar ser nærare på dette og lagar eit utkast til svar.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Laga svar til Gjensidige.

Einar

Snarast

 

 

 

Sak nr. 4

innkjøp av rastebenkar

 

DRØFTINGAR

 

Dagfinn har henta inn prisar på ferdige rastebenkar. Storleik 1,75 m og 2,25 m lange. Prisen er høvesvis 2000 kr for 1,75 m og 2400 kr. for 2,25 m. Det vil sei at vel me 1,75 m vil vi ha pengar til 12 benkar, medan midlane berre vil rekka til 10 benkar av det lengste slaget. Styret meinte 2,25 m ville vera best eigna i dei fleste tilfella, men vil gjerne høyra medlemmene sit syn på dette.

VEDTAK

 

Styret luftar spørsmålet om korte/lange benkar med medlemmene.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Ta opp spørsmålet under kaffipausen på neste tur.

Dagfinn

Torsdag

 

 

 

Sak nr. 5

oppdaterte lister

 

DRØFTINGAR

 

Telefonlistene må oppdaterast med dei nyaste rettingane. Lars Johan har fått inn nokre rettingar og Einar nokre. Einar oppdaterer listene. Dagfinn har laga eit oppsett over dugnadsgjengane i tråd med vedtak på årsmøtet.

VEDTAK

 

Oppdaterte telefonlister blir delt ut til medlemmane ved første høve. Det same gjeld referat frå årsmøte. Oppsettet av dugnadsgjengar blir også delt ut. Alle listene blir også oppdaterte og tilgjengelege på heimesidene.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Oppdatering og kopiering av lister.

Styret

Snarast

 

 

 

Sak nr. 6

utmelde medlemmer

 

DRØFTINGAR

 

Årsmøtet påla styret å finna ein måte å ta vare på medlemmer som av ulike årsaker har meldt seg ut av laget. Dette kan skuldast sjukdom, flytting m.m. Saka er litt innfløkt og endeleg vedtak kan ikkje gjerast før på neste årsmøte – sidan det må ei vedtektsendring til. Førebels gjeld dette svært få (1) personar. Styret samla seg difor om eit framlegg frå Dagfinn om ei mellombels løysing fram til årsmøtet.

VEDTAK

 

Styret vil til neste årsmøte utarbeida framlegg til vedtektsendring vedk. måtar å ta vare på utmelde medlemmer på. Som ei mellombels ordning går styret inn for at dei dette gjeld kan inviterast til å vera med på torsdagsturane utan noka form for medlemskap.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Utarbeida framlegg til vedtektsendring.

Styret

Desember

 

 

 

Sak nr. 7

førstehjelpskurs

 

DRØFTINGAR

 

Det er viktig at flest mogeleg av medlemmene kan litt førstehjelp, hjarte- og lungeredning og bruk av hjartestartaren. Det er tidlegare vedteke eit førstehjelpskurs 13. februar. Deltakinga går fram av årsmøtereferatet. Det er ønskjeleg at endå fleire får gjennomgå eit førstehjelpskurs og Dagfinn har difor henta inn prisar frå Røde kors. Dei tek 3500,- kr for eit kurs for 16 personar. I tillegg kjem leige for hus og utstyr, ca. 800,- kr. Styret ser kursa som svært viktige, men vil prøva å sjå om det kan finnast rimelegare løysingar.

VEDTAK

 

Styret rår til at det blir gjennomført eit førstehjelpskurs (i tillegg til det vedtekne 13. februar) i løpet av våren.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Henta inn prisar og gjera avtalar om gjennomføring av kurs.

Dagfinn

Februar

 

 

 

Sak nr. 8

årsmøtesak om æresmedlemskap

 

DRØFTINGAR

 

På årsmøtet blei det lagt fram ei sak om æresmedlemskap for medlemmer som har gjennomført 300 turar eller meir. Denne saka blei avvist av årsmøtet og styret blei oppmoda om å arbeida ut framlegg til andre måtar å heidra dei med «lang fartstid». Dagfinn la fram eit forslag om å kutta ut diplomar for 50 og 100 turar. Diplom for 150 og 200 turar, plakett for 250 turar og diplom og blomar for kvar 50. tur etter det. Styret drøfta dette, men kan nytta tida framover til ein tenkepause om saka.

VEDTAK

 

Styret vil til neste årsmøte utarbeida framlegg om vedtektsendring når det gjeld heidersteikn.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Utarbeida framlegg til vedtektsendring gjeldande heidersteikn.

Styret

Desember

 

 

 

Sak nr. 9

50-årsjubileum for bømlo kommune

 

DRØFTINGAR

 

Gutta på tur har fått invitasjon til jubileumsfest for Bømlo kommune  i Moster amfi 1. juni 2013.

VEDTAK

 

Leiaren representerer Gutta på tur og helsar frå laget på jubileumsfesten for Bømlo kommune.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Delta på jubileumsfest og helsa frå Gutta på tur.

Dagfinn

Juni

 

 

 

Sak nr. 10

orienteringar/programendringar

 

DRØFTINGAR

 

a)    Søknad om midlar frå Wärtsilä-fondet

b)    Oppsummering etter møte med Bømlo Turlag 14.01.2013

c)     Skilting

d)    Ekstra dugnadsdag

e)    Endringar i turprogrammet

VEDTAK

 

Styret går inn for ein ekstra dugnadsdag 2. mai. Den oppsette turen til Urangsæter går då ut.

Vitjing av GPT Stord 14. mars vil bli på Moster. Vi vil sjå på marmoruttak og vitja gruvegangane og museet i Amfiet. Det vil vera naudsynt for medlemmane å ta med litt ekstra pengar denne dagen.

GjEremål

AnsvarlEg

Tidsfrist

Oppdatera turprogrammet

Kontakta GPT Stord

Einar

Dagfinn

Snarast

 

MØTET SLUTT










 

ANDRE TIL STADES

Ingen

SærlEge merknader

Alle lister og referat vil etter kvart bli lagde ut på heimesidene, men vil også framleis bli utdelte i «papirutgåve» som tidlegare.