Årsmelding for «Gutta på tur» Bremnes 2012

Styret:

Formann: Dagfinn Hellen

Kasserar: Arne Stokke

Sekretær: Lars Johan Fylkesnes

Nestformann: Harald Nordtun

 

Styret har hatt fem møter, og ein del telefonsamtalar og tekstmeldingar.

 

Turane: Me har gjennom året hatt 36 turar, 21 om våren og 15 om hausten, i tillegg til årsmøte og utanlandstur. Turane har me gjennomført med nokre endringar, og turen 4. oktober vart avlyst på grunn av «I manns minne».  Dugnadsarbeidet vart det ikkje noko særleg av, men me håpar på at me kjem sterkare igjen i 2013. For å nemna nokre av turane: Tur saman med «Gutta på tur» på Stord til Vindmølleparken, tur saman med «Gutta på tur» på Stord til Kråko i april, tur til Espevær og tur til Brømsund saman med «Gutta på tur» på Stord. Fellesturen til Litauen var og ei oppleving.

Haustturane var me i Brandasund saman med «Gutta på tur» på Stord. Me gjekk til Såto og fekk omvisning hjå Øyvind Johnsen og på Skjeret, der det vart «pir» på dei som ville ha. Me var òg og gjekk Ådlandsvatnet rundt saman med «Gutta på tur» på Stord i oktober. I oktober var me òg på den tradisjonelle krabbafesten hjå Ole Mikal. God stemning, god krabbe og litt song. Me har òg vore på omvisningmuseumet for gamle motorar i Eidesvik, og ikkje minst har me vore hos Bremnes Seashore og fått omvisning og historie. Då var me 32 stk. Svært interessant.

Frammøte har vore noko mindre enn normalt i år, på grunn av sjukdom og diverse andre årsaker. I snitt har me vore 20-21 stk. på tur.

Vil òg nemna turen i februar då me fekk komma inn i «hytta» til Helge Larsen på kaffipause, og den siste turen i haust, då me fekk komma inn og ha kaffipause i kantina til Finnås Kraftlag. Koseleg og kjekt gjort. Den 15. desember var me på julabord med ledsagarar på «Bestastovo» på Moster. Me var 63 stk. Me hadde gode forteljingar av Magne og Martin og fleire andre bidrog utover kvelden. Maten var god, og me hadde flott musikk frå «Svanhilds orkester». Takk til festkomiteen Gunro og Ole Mikal.

Me har hatt møte med Bømlo Turlag om samarbeid om skilting, og dialogmøte med Bømlo kommune saman med fleire andre lag og organisasjonar. Det var meininga å få eit oppfriskingskurs i hjarte- og lungeredning i løpet av hausten, men dessverre hadde ikkje Anne-Beth Njærheim mogelegheit i haust, men me håpar å få det til i løpet av vinteren eller våren.

Me har fått tilsagn om 5000,- frå Finnås Kraftlag til materiell og rastebenker, og 20 000,- frå Gjensidigefondet til rastebenker. Me fekk ikkje noko frå Wärtsilafondet i år.

Me har tatt inn fleire nye medlemar i år. Tre medlemar har av ulike årsaker meldt seg ut, og to av medlemane våre har gått bort i haust; Ragnvald Innvær og Arne Stokke. Dei blir sårt sakna.

Sluttord: Formålet med laget fungerer etter styret si meining etter formålet. Me får komma i lag og får mosjon, og det sosiale er svært viktig, og friske diskusjonar. Styret vil takka alle som har bidratt med gode råd og som har hatt tolmodigheit med oss i styret. Styret vil òg takka Halvor for hjelpa med å sluttføra rekneskapet.

                        Harald Nordtun (sign)

                        Lars J. Fylkesnes (sign)

                        Dagfinn Hellen (sign)