Referat frå årsmøte 10/1-13 kl. 1000 i Grendahuset, Erevik.

 

36 medlemmer møtte fram.

 

Formannen, Dagfinn Hellen, vart vald til møteleiar, Øyvind Glittenberg til referent.

 

Møtet byrja med 1 minutt stillhet for å minnast våre to kameratar som er gått bort i 2012 Ragnvald Innvær og Arne Stokke.

 

Det var ingen merknader til innkalling til årsmøtet eller til saklista.

 

 

Sak 1: Årsmeldinga vart opplesen og godkjend utan merknader.

 

Sak 2 A: Rekneskapen vart godkjend utan merknader. Melding frå revisor ligg ved.

Takk til Bjørg og Halvor Mæland, som tok over og fullførte rekneskapen då Arne Stokke fall frå. Etter ordskifte om ein skulle broka EDB-program til å føra rekneskap vart ein samde om at styret kunne avgj era dette i samråd med den som til ei kvar tid er kasserar.

 

Sak 2 B: Etter framlegg frå Tolleiv Hidle vart det semje om at for mykje innbetalte pengar til Litauen-turen skulle bli i lagskassa. Styret trekte sitt framlegg.

 

Sak 3: Innkomne saker til styret:

A: I ordskiftet kom det fram tydeleg skepsis til omgrepet B-medlem og ein vart samde om eit vedtak om at styret skulle arbeida for å ta vare på tidlegare medlemmer slik at dei kunne vera med på ymse samkomer i laget.

 

B: Framlegg frå Bjarne Kristiansen om å organisera dugnadsarbeidet på turstiane slik at ein eller to personar har ansvar for vedlikehald av kvar løype, gjerne i nærleiken av der dei bur, og så få med seg nokre fleire til å gjera jobben.(!)

Styret hadde laga framlegg om fordelinga av løypene mellom medlemmene. Alt dette vart samrøystes vedteke. Møtet gjekk og inn for å vera med å halda ved like ei løype frå Våge til Helvik, etter søknad frå rektor på Våge skule.

 

Sak 4 A: Turprogrammet for våren 2013, som styret hadde lagt fram, vart vedteke.

 

B: Turleiar eller ein frå styret spør, før ein går frå oppmøte staden, kven som evt. vil gå alternativ (lettare) løype og ser til at desse vert registrerte.

 

Sak 5 A: Formannen delte ut ein plakett for 250 turar og til saman 11 diplomar.

 

B: Automatisk æresmedlemskap ved 300 turar vart ikkje vedteke, men styret vert oppmoda om å arbeida med andre måtar å heidra dei som har 300 turar eller meir.

 

Sak 6: Samrøystes vedteke etter saklista.

 

Sak 7 A: Det vert arrangert ein innanlandstur med fylgje med start 7.-8. Juni D.Å. Utanlands og innanlandstur avvekslande annakvart år deretter.

 

B: Styret legg fram naudsynte endringar i vedtektene slik at dei samsvarar med andre vedtak på dette møtet. Medlemmene kan koma med innspel.

 

 

Sak 8:  Valg:

Nye i styret vert Sigurd Emil Sele og Einar Kippersund. Frå før sit Dagfinn Hellen og Lars Johan Fylkesnes.

 

Arr.og festkomite: Gunro Hystad og Ole Mikal Nordtun har eit år til.

 

Etter nyordninga (sak3B) går dugnadsnemda ut.

 

Valnemd: Håkon Gåsland, eit år til, Einar Kåre Meling, ny.

 

Revisor: Martin Magne Sørenes, attval.

 

Alle valg var samrøystes.

 

Sak 9: 1 og 2) Møtet stiller seg positivt til å vera med i Frivilligsentralen dersom styret finn at det ikkje vert for store og vanskelige oppgåver.

 

3) Dugnadsgruppeleiarane saman med styret avgjer kor dei nye rastebenkene skal stå. Gjensidigefondet har gitt tilsagn om kr.20.000 til formålet.

Frå Finnås Kraftlag har laget fått tilsagn om kr.5000.

 

4) Den 13. februar vert det kurs i hjarte-Iungeredning m/Anne Beth Njærheim.

 

Desse har meldt seg på:

Magne Hallaråker                   Johannes Sortland

Kjell Normann Habbestad      Sigurd Emil Sele

            Martin Magne Sørenes           Lars Staupe

Harry Selsvold                        Torleif Torkelsen

Jonas Nesse                          Finn Nordtun

 

Årsmøtet rår til at det vert laga til eit opplegg for trening med hjartelunge-redning og at ein skaff ar seg hjelp med å tilretteleggja dette.

 

5) Einar Kippersund skal laga til heimesider for GPT på intemett.

 

Møtet starta kl.10. Me hadde pause frå kl.1130 til vel kl. 12. I pausen fekk me servert flotte smørbrød, kaker og krem. Kaffi og vatn fekk me heile tida, så me heldt fint ut til klokka var bortimot 2, då møtet var ferdig.