Årsmøte Gutta på tur Bremnes.

 

Stad: Grendahuset Erevik, 10. jan 2013 kl. 10.00

 

Sakliste:

Opning av årsmøtet med anledning til merknader til innkalling og saklista. Val av møteleiar. Forslag.

 

Sak 1. Årsmelding.

Sak 2. Rekneskap.

Sak 2B. Styret rår til at for mykje innbetalt til litauenturen blir utbetalt til dei som var med.

Sak 3. Innkomne saker til styret.

-A. Medlemmer som har meldt seg ut av laget av ulike årsaker, men ynskjer litt tilknytning til laget vidare, vil styret foreslå å vera B-medlemmer med avgift kr. 100 pr. år. Dei får info om sosiale arrangement og turforslag. Dei må stå på venteliste dersom det er fullt på fellesturar og festsamkomer.

Antall ordinære medlemmer 40 stk som vedtatt på sist årsmøte.

-B. Dugnad turstiar: -Innspel frå Bjarne Kristiansen. F. eks fordela dugnadsansvaret for kvar løype på ei lita gruppe med ein eller to personar som har hovudansvar for kva som skal gjerast, t.d. Urangsvågløypa ansvar: Harald Sortland og Bjarne Kristiansen + Harald Økland, Jan Westermoen, Håkon Gåsland, Torleif Torkelsen og Dagfinn Hellen. Tilsvarande for dei andre løypene som er våre. Styret støttar forslaget. Me må òg ta stilling til om vedlikehald av andre løyper enn våre. Styret forslår dugnad på «våre» løyper, men styret får fullmakt å vurdere andre løyper ved henvendelsar.

Sak 4. A. Turprogram våren 2013.

-B. Alternative løyper for dei som vil ha lettare løyper.

Sak 5. A. Heidersmerke, Frammøtestatistikk, Diplomar og eventuelt plakettar.

-B. Styret forslår at f. eks. medlemmer som har 300 turar blir tatt opp som æresmedlemmar.

Sak 6. Fellessamkome.

Etter vedtektene skal me arrangere minst ei fellessamkome med ledsagarar kvart år. Det skal òg arrangerast ein fellestur med ledsagar kvart år. Styret kan peika ut ein førebuingskommite. Styret foreslår arrangementskomite og styreleiar.

Sak 7. Fellestur.

Styret foreslår at det blir arrangert ein tur utanlands eller i Norge i år.

-B. Endring av vedtekter i tråd med vedtak årsmøte.

Sak 8. Val.

Dagfinn Hellen og Lars Johan Fylkesnes står ikkje på val. Harald Nordtun har stått i 2 år.

Arr. og festkomité: -Gunro Hystad og Ole Mikal Nordtun har eit år igjen.

Dugnadskomite: Håkon Økland og Finn Nordtun har eit år til. Åsmund Våmartveit og Torleif Mæland har stått i 2 år.

Revisor: Martin Sørenes

Valkomite: -Per Innvær og Håkon Gåsland. Forslaget frå dei blir lagt fram. Styret foreslår ny valnemnd.

Sak 9. Orienteringssaker.

1.     Dialogmøte med Bømlo kommune.

2.     Henvendelse om å vera med i Frivilligsentralen.

3.     Søknader gåver.

4.     Oppfølgingskurs, livredning og hjartestartar.

5.     På venteliste for medlemsskap: 1 Dag Lothe, 2 Bjørn Rolfsnes, 3 Audun Hodne, 4 Robert Halleraker, 5 Lars Gunnar Brekke.

PS. Husk å sjekka at e-postadressa og telefonnr. på medlemslista er rett.