Referat frå årsmøte 16. januar 2014

Øyvind Glittenberg

 

Frammøtet var heller dårleg då berre 29 medlemmer møtte.

 

Formannen, Dagfinn Hellen, ynskte velkommen.

 

1)    Godkjenning av innkalling og sakliste

Det var ingen merknader til innkalling eller sakliste

 

2)    Val av møteleiar og referent

Dagfinn Hellen vart vald til ordstyrar og Øyvind Glittenberg til referent.

 

3)    Årsmelding

Dagfinn Hellen las opp ei særs velforma og dekkande årsmelding som vart godkjend utan merknader.

 

4)    Rekneskap

Revidert rekneskap vart framlagd og godkjend etter at kasserar hadde svara på nokre spørsmål om enkeltpostar.

 

5)    Innkomne saker

Det var ikkje kome inn saker frå medlemmene.

 

6)    Godkjenning av endringar i vedtektene

Styret sitt framlegg til endringar i vedtektene vart drøfta og godkjend med nokre små justeringar.

 

7)    a) Turprogram for våren 2014

Turprogrammet blei gjennomgått og godkjend.

 

b) Heidersteikn 2013

I samband med gjennomgang av frammøtestatistikken vart det delt ut 15 diplomar, 5 plakettar for 250 turar, 3 GPT-krus for 300 turar og blomar til Lars Ersland for 350 turar. Lars har flest turar av alle!

 

8)    Val

a)    Styre: Nye i styret er Nils Bernhard Nesse og Johannes M. Sortland.

Frå før sit Sigurd Emil Sele og Einar Kippersund.

b) Arrangement- og festkomité: Martin M. Sørenes (2 år), Halvor Mæland (1 år).

c) Revisor: Martin M. Sørenes attval.

d) Valkomité: Kjell Norman Habbestad (ny). Frå før sit Einar Kåre Meling.

 

Alle val var samrøystes.

 

Det vanka blomehelsingar til avtroppande styremedlemmer og til Nils Bernhard Nesse som hadde overteke frammøte-føringa.

 

9)    Orienteringar

Dagfinn Hellen orienterte så om: (i rekkefylgje) avtalen med Bømlo Turlag, erfaringar med den nye dugnadsordninga, turbenkjene, sponsorar og kurs i hjarte- lungeredning. Møtet vedtok å fortsetja med opplæring i dette, med repetisjon på turar av og til.

 

Einar Kippersund orienterte om heimesidene og vart fagna for både dette og arbeidet sitt med oppretting og drift av sidene.

 

Til slutt fekk me orientering om tysklandsturen. Fristar for påmelding o. a. kjem seinare.

 

Matpausen hadde me etter valet. Det vanka både smørbrød og kaker. Kaffi hadde me heile tida og var ferdige i halv to-tida. Alt føregjekk i venlege og fredelege former.