Innkalling til årsmøte 2014

Tidspunkt: 16. januar 2014 kl. 10.00

Stad:              Erevik grendahus

 

 

Sakliste:

1)    Godkjenning av innkalling og sakliste

 

2)    Val av møteleiar og referent

 

3)    Årsmelding

Sjå vedlegg.

 

4)    Rekneskap

Rekneskap og melding frå revisor blir lagt fram på møtet.

 

5)    Innkomne saker

Det er ikkje kome inn saker frå medlemmene.

 

6)    Godkjenning av endringar i vedtektene

Årsmøtet 2013 påla styret å endra vedtektene for å fanga opp dei vedtaka som blei gjort på årsmøtet. I tillegg gjer styret framlegg om nokre endringar for å tilpassa vedtektene gjeldande praksis. Styret gjer også framlegg om å dela ut diplomar berre for 100 og 200 turar. Sjå vedlegg.

 

7)    Turprogram for våren 2014

Sjå vedlegg

 

8)    Val

Framlegg frå valkomiteen blir lagt fram på møtet. Årsmøtet skal velja:

a) Styre: Dagfinn og Lars Johan er på val. Sigurd Emil og Einar har eit år igjen.

b) Arrangement- og festkomité: Ole Mikal og Gunro er begge på val.

c) Revisor: Martin er på val.

d) Valkomité: Håkon G. er på val. Einar Kåre har eit år igjen.

 

9)    Orienteringar

a)    Avtale med Bømlo Turlag

b)    Erfaringar med den nye dugnadsordninga

c)    Turbenkane, sponsorar

d)    Kurs i bruk av hjartestartar

e)    Heimesidene

f)     Tysklandsturen