«Gutta på tur» Bremnes vart stifta 10.10.2001.

Siktemålet er å komma saman til turar ein fast vekedag for sosialt samvær og mosjon.

Oppmerking og tilrettelegging av turstiar høyrer naturleg med i aktiviteten.

 

Frammøtestad:           Bømlohallen

Tid:                             Torsdagar kl. 09.00 etter turprogram utarbeidd av styret.

Deltakarar:                 Pensjonistar – trygda over 60 år. For tida er medlemstalet avgrensa til 40. Medlemsskap føreset eit årleg frammøte på 30% av dei oppsette turane. Då ser ein bort frå sjukdom eller anna som kan hindra frammøte (styret avgjer).

Aktivitet:                    Aktiviteten skal delast inn i eit haust- og eit vårsemester og kan samordnast med «Gutta på tur»-lag i andre kommunar.

Turopplegga er primært i Bømlo kommune, men nokre turar kan leggjast til nabokommunar eller tilsvarande.

Kvar tur vert leia av ein turleiar. I tillegg har ein av deltakarane ansvar for hjartestartaren.

Styre:                          Årsmøtet vel eit styre på 4 medlemmer for 2 år. Halvdelen av styret vert skifta ut kvart årsmøte.     

Styret konstituerer seg sjølv og skal ha følgjande samansetjing:

Leiar, nestleiar, sekretær og kasserar.

Styret skal samordna turopplegg haust/vår etter eventuelt framlegg frå medlemmene, føra oversikt over deltaking, syta for biletstoff frå turane, utdeling av heidersmerke og gjera framlegg om disponering av medlemspengar og gåver. Styret har fullmakt til å disponera lagsmidlane i årsmøteperioden.

Valkomité:                 Årsmøtet vel ein valkomité på 2 medlemmer etter framlegg frå styret. Ein av medlemmene skal skiftast ut kvart år.

Årsmøte:                     Skal haldast 1. halvdel av januar månad.

Kontingent:                vert fastsett av årsmøtet og er f. t. kr. 300,-

                                    Kontingenten skal betalast til kasserar ved starten av vårsemesteret.

Det skal betalast for bilkøyring og eventuelle bompengar/ferjebill. i sb. med turar som krev slik transport. (Styret avgjer sats i sb. med kvar tur).

Heidersmerke:            Det vert utarbeidd eigne diplomar, som vert utdelte etter 100 og 200 turar.

Ved oppnådd 250 turar vert det utdelt plakett.

300, 350, 400 osb. turar vert markerte med gåve, heidersteikn eller blomar på årsmøtet.

Heimesider:                Laget leiger webdomenet http://turgutane.org av firmaet One.com. Styret har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av heimesidene. Dersom styret sjølv manglar kompetanse til dette, kan årsmøtet oppnemna ein webredaktør utanfor styret.

Arrangement:             Ein arrangementskomité på 2 medlemmer vert vald av årsmøtet etter framlegg frå valkomiteen. Eit av medlemmene skal skiftast ut kvart år. I tillegg skal leiar vera med i komiteen.

Det vert arrangert minst eit festsamkome kvart år. Vidare skal det arrangerast ein fellestur kvart år. Til vanleg annakvart år innanlands og annakvart år utanlands.

Ved festsamkomer og fellesturar kan kvart medlem ta med ledsagar.