Årsmelding for 2013

Styret:

Styret konstituerte seg på møte 16. januar og har vore slik samansett:

Formann: Dagfinn Hellen

Kasserar: Sigurd Emil Sele

Sekretær/webredaktør: Einar Kippersund

Nestformann: Lars Johan Fylkesnes

 

Styret har hatt fem formelle møter, i tillegg til ein del e-postar, telefonsamtalar og tekstmeldingar.

Turane:

Me har gjennom året hatt 40 turar, 23 om våren og 17 om hausten, i tillegg til årsmøte og julabord. Turane har vore gjennomførte etter dei oppsette turprogramma - med nokre få endringar på grunn av veret o. l.   

Einar bad seg friteken for å føra oversyn over frammøte på turane sidan han meinte han hadde nok med fotografering og løypekart. Nils Bernhard har difor teke på seg ansvaret for denne oppgåva. Takk skal du ha, Nils Bernhard!

Nokre av turane fortener særskild omtale:

Turane saman med «Gutta på tur» på Stord er til stor glede for begge laga. Me har vitja dei to gonger og likeeins har dei vore på gjenvisitt to gonger i løpet av året.

Me har også hatt to turar der der jentene våre har fått vore med: I vår var damene med til Fedje. Sjølv om det var uvanleg tungt regnver den dagen, blei det ei interessant oppleving og ein fin tur. På hausten var me på «synfaring» i Midtfjellet vindmøllepark. Johannes Koløen var guide og gav oss ei interessant innføring.

Nemnast må og den tradisjonelle krabbafesten i naustet hos Ole Mikal. Det var mykje og god krabbe og me åt oss stinne dei fleste av oss. Stor takk til Ole Mikal som tek på seg dette arbeidet år etter år utan eingong å få dekka utlegga sine! Takk også til Harald N. som hadde hjelpt til å koka og reinska krabben.

Frammøtet har vore rimeleg bra i år. Det er alltid nokre som er sjuke eller vekkreiste, men det ser ut til at turgutane stiller på torsdagsmorgonane så sant dei kan! Størst frammøte hadde me på turen til Sølvrusto 22. august då det var 34 frammøtte.  I snitt har me vore 25 på kvar tur.

Julabordet gjekk av stabelen i Erevik grendahus 14. desember. Festkledde turgutar (med damer) kunne nyta av god drøs, god mat, godt i glaset, god musikk og, ikkje minst, god underhaldning. Else tok oss med til juleførebuingar og julefeiring i hennar barndom og Øyvind heldt eit glitrande kåseri og avslutta med ein "Gutta på tur-rap". I tillegg bidrog den eine etter den andre med gode historiar. Praten og dansen gjekk livleg utover kvelden. Takk til arrangementskommiteen for godt arbeid!

Dugnadsarbeid:

Det har vore tre «offisielle» dugnadsdagar i løpet av året, men det har nok vore mykje klypping, veiting, og saging utanom dette. Me har til og med høyrt om turgutar som har mobilisert kona for at løypa skulle bli ferdig i tide. Stor innsats har det og vore for å få på plass nye rastebord rund om i løypene.

Den nye modellen for organisering av dugnadsarbeidet har synt seg å fungera svært godt.

Gåver:

Laget har fått tilskot frå fleire dette året. Frå gjensidigefondet har me fått 20.000,- og frå Finnås kraftlag 5.000,-. Dette dekka kostnadane til 9 rastebord. Statoil sponsa skilt til borda. I tillegg til dette har Finnås Kraftlag og Sparebanken Vest gjeve tilsagn om 5.000 kr. kvar til materialar til turløypene. Takk til sponsorane som gjer det mogeleg for oss å halda nokolunde bra kvalitet på løypene våre!

Skilting av løypene:

Ansvarlege for turløpene, saman med leiar, har hatt fleire drøftingsmøter med Bømlo Turlag. Det er tinga nye skilt og Bømlo turlag har fått inn ein del av dei. Skilta skal setjast opp til våren ut frå gruppene sine framlegg. Bømlo Turlag tek alle kostnadar med skiltinga og ordnar med avtalar med grunneigarane. Me utfører arbeidet med å setja dei opp. Samarbeidet med Bømlo Turlag har fungert bra.

Heimesidene:

Heimesidene har vore aktive sidan siste del av januar. Dei er blitt svært godt mottekne og blir mykje vitja både av medlemmene og andre. Ei av konene gav slik tilbakemelding: «På denne måten får me konene og sjå kvar de karane har vore og korleis de har hatt det på turen.». Slike tilbakemeldingar er gode å få.

Mest populært er sjølvsagt biletstoffet, men mange «utanforståande» set svært stor pris på løypekarta som blir lagt ut etter kvar tur. Dei seier det inspirerer dei og freistar dei til å prøva desse løypene.

Pr. 15. desember har totalt 5448 ulike nettadresser vore innom heimesidene.

Kurs i hjarte/lungerdning:

Me har alltid førstehjelpsutstyr, samanleggbar båre og hjartestartar med oss på turane. På vårvinteren blei det gjennomført to kurs i hjarte/lungeredning og bruk av hjartestartar. Det eine kurset var med Anne-Beth Njærheim og Kjersti Vespestad medan det andre kurset var i Bømlo røde kors sin regi. I alt har 27 medlemmer fått grunnleggande opplæring i vår.

Medlemssituasjonen:

«Gutta på tur» byggjer på samhald og kameratskap. For at me ikkje skal missa oversynet har me difor sett eit tak på 40 medlemmer. I løpet av året har to turgutar av ulike årsaker måtta trekka seg frå laget. I deira stad har me teke inn Bjørn Rolfsnes og Audun Hodne i kameratflokken. Me ynskjer dei velkomne og vonar dei vil trivast i lag med oss.

På venteliste for medlemsskap står no:

1.         Robert Halleraker

2.         Lars Gunnar Brekke

3.         Reidar Nesse

4.         Helge Halderaker

5.         Audun Sandvik

6.         Dag Lothe

7.         Kåre Meling

8.         Magne Stavland

Sluttord:

Laget fungerer etter styret si meining etter formålet. Me får komma i lag og får mosjon. Kameratskapen og det sosiale er svært viktig; gode replikkar og friske diskusjonar. Styret vil takka alle som har bidratt med gode råd og som har hatt tolmodigheit med oss i styret.

                                    Dagfinn Hellen (sign)

                                    Lars Johan Fylkesnes (sign)

                                    Sigurd Emil Sele (sign)

                                    Einar Kippersund (sign)