Årsmøtesak 2017 – ”Gutta på tur”

 

Framlegg til revisjon av vedtektene til laget:

 

§ 1      FØREMÅL

”Gutta på tur” Bremnes vart starta 10. oktober 2001 med det føremål å kome saman til turar, sosialt samvær og mosjon ein fast vekedag. Merking og tilrettelegging av turstiar høyrer også med til aktivitetane. Frammøtestad er ved Bømlohallen torsdag kl. 09.00 etter turprogram utarbeidd av styret.

 

§ 2      MEDLEMSKAP

Medlem er pensjonister og trygda over 60 år. Styret er gitt fullmakt til å melde inn nye medlemmer. Eit medlemskap føreset eit årleg frammøte til dei planlagde turane med meir enn 30%, unnateke er sjukdom. Andre særlege grunnar for ikkje å møte skal handsamast og godkjennast av styret.

 

§ 3      AKTIVITETSPLAN

Aktivitetsplanen skal delast i haustsemester og vårsemester og kan samordnast med ”Gutta på tur”-lag i andre kommunar. Turprogrammet skal for det meste gjelde turar på Bømlo. Nokre turar kan leggjast til andre stader som styret gjer framlegg om. Kvar tur skal ha ein turleiar og ein av turdeltakarane skal gå sist i rekka med hjartestartaren.

 

§ 4      STYRE

Årsmøtet skal velgje eit styre på 5 medlemmer for 2 år - 3 styremedlemmer det eine året og 2 det andre. I tillegg skal det velgjast eit varamedlem kvart år som møter når eit styremedlem ikkje kan møte. Årsmøtet velgjer laget sin leiar og styret konstituerer seg sjølv med nestleiar sekretær, kasserar og webredaktør. Styret skal samordne turopplegget for haust- og vårsemester og ta omsyn til innspel og ynskjer frå medlemmene. Styret skal føre frammøteprotokoll til turane og syte for at bildemateriell frå turane kan leggjast ut på laget sine heimesider.

          

§ 5      ØKONOMI

Styret er tildelt fullmakt å disponerer laget sine midler som kontingent, pengegåver og midler som laget får inn etter søknad. Medlemskontingenten skal fastsettast av årsmøtet kvart år og innbetalast til kasserar i starten av vårsemesteret. Kasserar skal føre rekneskap for alle inn- og utbetalingar.

Det skal betalast for bilkjøyring, bompengar og fergebillett i samband med turar som krev slik transport. Styret avgjer storleiken på beløper for kvar tur.

 

§ 6      ÅRSMØTE

Styret skal kalle inn til og halde Årsmøte kvart år innan januar månad. Innkallinga skal sendast medlemmene seinast 4 veker før møtet og saker som medlemmene            ynskjer å ta opp på Årsmøtet skal leverast til styret innan 10 dagar før Årsmøtet, unnateke er framlegg om vedtektsendringar som skal sendast medlemmene seinast 4 veker før Årsmøtet.

Årsmøtet skal velgje møteleiar, referent, godkjenne innkalling og dagsorden, velgje 2 personar til å signere årsmøteprotokoll og 3 personar til teljekorps om det vert skriftleg val.

Årsmøtet skal handsame årsmelding, revidert rekneskap og innkomne saker.

Årsmøtet skal også velgje leiar og styremedlemmer for 2 år og varamedlem for  1 år.  I tillegg skal møtet velgje 2 medlemmer til valnemnd for 2 år - eit medlem kvart år, 2 medlemmer til arrangementkomièen – ein kvar år og revisor for 2 år.

Leiar og styremedlem kan velgjast for 2 + 2 år, samla inntil 4 år.

                                                     

§ 7      HEIDERSMERKE

Det skal delast ut diplom etter gjennomført 100 og 200 turar. Når ein passerar 250 turar skal det delast ut plakett. Har ein gått 300. 350, 400 . . .  turar, skal det markerast med gåver.

 

§ 8      HEIMESIDER

Styret har ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikla heimesidene til laget.Styret velgjer sjølv nettredaktør i samsvar med § 4. Dersom ingen i styret har naudsynt kompetanse, kan dei be om hjelp/opplæring frå medlemmer utanfor styret.

 

§ 9      ARRANGEMENT

Laget skal ha ein arrangementkomité på 3 medlemmer. Sidan nestleiar i styret er medlem av arrangementkomitèen, skal Årsmøtet velgje 2 medlemmer for 2 år til komitèen, ein kvart år etter framlegg frå valkomitèen.

Arrangementkomitèen konstituerer seg sjølv.

Det skal arrangerast minst ei festsamkome og ein fellestur i året med ein tur innanlands og ein utanlands anna kvart år. Til festsamkomer og turer kan ein ha med seg ledsagar.

 

§ 10    ENDRING AV VEDTEKTENE

Årsmøtet kan gjera endring av vedtektene når 2/3 av dei frammøtte til Årsmøtet gjer vedtak om det. Medlemmene skal gjerast kjend med endringsframlegget minst 4 veker før Årsmøtet.

 

§ 11     OPPHØYR AV LAGET

Opphøyr av laget skal vedtakast på lovleg innkalla Årsmøte der minst halvdelen av medlemmene er til stades. Vedtak om opphøyr av laget krev at 2/3 av dei frammøtte røystar for nedlegging.

Ved opphøyr avgjer Årsmøtet kven som skal overta laget sine eignelutar.

 

Bremnes, 20.desember 2016

 

Martin Magne Sørenes og Robert Halleraker

 

Styret har drøfta framlegget og meld tilbake til oss ynskje om nokre endringar.

Desse endringane er tatt med i framlegget.