ÅRSMELDING FOR TURÅRET 2016

 

Styret har vore slik samansett:

Leiar:               Johannes M Sortland

Nestleiar:         Bjørn Rolfsnes

Skrivar:           Einar Kippersund

Kasserar:        Jan Westermoen

Varamann:      Kåre Meling

 

Valnemd:

Dagfinn Hellen og Kjell Normann Habbestad

 

Arrangemangkomite:

Harald Sortland og Jostein Hollund

 

Styret har hatt 4 formelle styremøte pluss ein del telefonmøte. Eit styremøte var saman med valkomiteen og arrangementskomiteen. Styremøta har me hatt i lokala til B.D.F.

 

Torsdagsturar:        

I vårprogrammet hadde me 21 turar. Av desse var me ein tur til Ryvarden og Lyngholmen. Så avslutta me med ein tur til Utsira i lag med damene våre. Der hadde me felles buss t/r Haugesund og Jon Clausen var med og ordna opp.  På Utsira hadde me ein god middag og ein tur opp til fyret. P.g.a. sterk vind kom me med rutebåten til Norevågen men måtte ta den heim fra Sørevågen.

 

 Så den 9.juni tok me ferie.                                                                                         

 

Me starta opp igjen den 18.august på haustprogramet som vart 18 turar.

Den 25. august var me ein tur til Førde og Rex Garden. Den vil me gjenta ein fin dag i mai-juni i lag med damene våre.  I haustsemesteret var det den vanlige dugnadsdagen, så var det krabbeorgie i naustet til Ole Mikal. Den 17.november hadde me ein spesiell turdag. Etter ein tur til Korsen og opp i Ereviks feltet bar det rett ned i Erevik grendehus der me fikk servert ei fortreffelig fiskesuppe og gode kaker m/kaffi. Det var ein av turgutane som feira sin siste dag som 69-åring, ein dag han ville feira i lag med oss før han gjekk over i dei voksnes rekker. Atter takk og ære til han for det. Den 15.desember var det den tradisjonelle julegrauten inne i gapahuken på Fet. Der var våre eminente Nissemusikkantar med forsongar på plass, så fekk me ei fin overrasking av ca. 15 glade barnehageborn som song for oss med stor iver og entusiasme. Ja, dei er vel ein del våre framtidige medlemar og då kan me vel rekna dei som aspirantene våre.                               

Etter dette var det Juleferie og slutt for tur året 2016.

 

Dugnadsdagane:

Den 26. mai og 1.september var dagane for dugnad.

Våge – Hellvik område vart utført arbeid i turløypene. (Manglar ein uttalelse av dei om dette.)                                                                                    

Sølvrusto, der var det ein del arbeid med brua over Laksekaret.    

                 

Brømsund var det kvilebenkar og tau på ein vanskeleg plass.      

                           

Urangsvåg Dyrvatnet var det litt omlegging av traseen og ellers rydding.

 

Svortland/Mælands-markene vart de utført ein god del oppretting av klopper og påspikring av not. Nokre dagar seinare blei det kjørt nye klopper frå Fet og rundt til og i Mælandsmarka. Desse skal brukast ved ei seinare anledning.                 

         

John`s Track om Baståsen er ei løype som har måtta vente p.g.a. den nye vegen. Men det er no mulig for å starta litt der. Det kan køyrast opp to rastebord med benkar som står nede ved Særtavatnet og opp til/på Baståsen. Til dette har me fått lovnad frå Finnås Kraftlag om hjelp. Men ellers så er det her ein god del arbeid som må utføres der. Me må bruke folk frå dei andre dugnadsgjengane til å væra med på dette.

 

Gåver:

Det er ein del plassar både i Bømlo Kommune – Hordaland Fylke som ein kan søka på om å få midlar/pengestøtte til diverse tiltak. Men når ein les i fastsette søknadskjema så fell muligheten snart bort. Alle forlangar ein prosjektplan og finansieringsplan, dette resulterer i me må binda opp ein god del egine midlar til arbeidet. Den plassen/posten me søkte på i fjor til Hordaland Fylkeskommune og der me fikk Kr 10.000,- er denne posten vekke. Det er no snart bare Finnås Kraftlag som gjev gåver utan ein svera dokumentasjon. Det er difor i år berre søkt om støtte hos F.K. Me har fått tildelt Kr 5.000,- Dette får me utbetalt når me dokumenterer utgiftene våre med kvittering/faktura. Dette er eit arbeid som kasseraren bør utføre i ettertid.

 

Blåturar og arrangement.

På dette området er det ei sviktande interesse. Dette kan være p.g.a. me reiser ein god del på diverse andre turar i løpet av året. Kva som må til eller kva som må gjerast er eg usikker på. I år blei turen til Utsira med nød og neppe gjennomført, men med støtte frå utanforståande venner som vart med blei den gjenomført. Dette er gjerne ein måte å satse på? 

Det har i alle fall vist seg at grautfesten på Fet er av så stor interesse at det må bli ein tradisjon og ein erstatning for julebordet. I fjor var me 37 stk (påmeld 41) som fikk graut, men no i år var me 57 stk. Det var 61 påmeld men p.g.a. sjukdom blei det eit fråfall på 4. Av 60 medlemmer så var det 45 medlemmer og 12 damer.  I etterkant av dette med grautfesten så bør me gjerne ha i tankane konene etter våre medlemmer som er døde eller pasient på sjukeheim om ikkje me kan gje dei eit tilbod om å få væra med.

 

Medlemssituasjonen:

I fjor ved årsskiftet var me 54 medlemmer, no i år er me 60 stk. Eg føler ikkje dette er for mange å ta vare på. Det er alltid nokre som ikkje kan gå p.g.a. sjukdom – ferietur – eller andre grunnar, og noen har melt fra om dei kan ikkje væra med no t.d. i vår eller haust. Dette er noko me må rekna med når me er i ein alder fra 65 – 85 år. Eg føler ikkje at dette går på bekostning av kameratskapet. Styret har lov å vurdere dette til ein kvar tid.

 

Her er eit lite oversyn over medlemmar som var med på turane i 2016:

Over 400 turer:

01.01.16

15.12.16

Harald Sortland

  368

  401

Over 300 turar:

 

 

Magne Halleråker

  290

  324

Åsmund Vårmartveit

  281

  312

John Gardner

  295

  311

Over 200 turar:

 

 

Jan Westermoen

  198

  227

Harald T Northun

  189

  222

Håkon Gåsland

  181

  219

Harry Selsvold

  181

  208

Per P Stavland

  169

  200

Over 100 turar:

 

 

Kjell N Habbestad

    95

  132

Johannes Sortland

    97

  127

Hans T. Ersland

    92

  123

Herman Økland

    82

  111

 

 

 

 

 Flest turar 2016 :

 

Håkon Gåsland

  38

Kjell N Habbestad

  37

Jostein Hollund

  35

Johan Torkelsen

  35

Kåre Meling

  35

 

Frammøte vår :

Snitt pr.tur 28,5     Alternativ 2,1

 

Flest frammøte :

21.01

Årsmøte

39

14.04

Ryvarden fyr

37

31.03

Årlandsvatnet rundt Stord

36

 

 

Frammøte haust :

Snitt pr.tur 28     Alt.4,7     

 

15.12

Fet, julegraut

44

17.11

Goddo / Erevik

43

29.09

Hisjo,  krabbefest

37

 

Heimesida:

Pr. 19.12.16. har det vore 10723 besøkande inne på heimesida vår i 2016. I år har webredaktøren og vore styremedlem, men så blei han skadd og var svært lite rekjefør, så eg har for det meste vore sekretær og varamannen (Kåre) har teke seg av fotoseansen på turane og han har overført dette på E-mail / SMS til Einar, så dette har fungert. I framtida bør det væra også ein reserve webredaktør. Som har/får opplæring på dette.

 

Takk og ære:

Me må få rette også i år ei stor takk til Ole Mikal og hjelparane hans for det årlege krabbakalaset på Tuvesundholmen. Også takk til våre faste trekkspelmusikantar som er med oss kvart år. Ein stor takk til dåke medlemmer som har så god helse eller dårlig hørsel slik at de held ut med oss.

 

Mvh Styret for 2016

Leiar:              Johannes M Sortland  (sign)

Nestleiar:        Bjørn Rolfsnes             (sign)

Sekretær:       Einar Kippersund         (sign)

Kasserar:       Jan vestermoen           (sign)