Innkalling til årsmøte 2016

Tidspunkt:     21. januar 2016 kl. 10.00

Stad:              Erevik grendahus

 

 

Sakliste:

1)     Godkjenning av innkalling og sakliste

 

2)     Val av møteleiar og referent

 

3)     Årsmelding

Sjå vedlegg.

 

4)     Rekneskap

Rekneskap og melding frå revisor blir lagt fram på møtet.

 

5)     Innkomne saker

Det har ikkje kome inn saker frå medlemmane.

 

6)     Framlegg frå styret

Styret ønskjer debatt om me burde ta inn eit slikt punkt i vedtektene:

 

«Eit medlem som ikkje lenger kan vera med på turar ute i terrenget p.g.a. sviktande helsa, men likevel ønskjer å ha eit kamerattilhøve  til  GPT kan få varig medlemskap utan å betale kontingent.»

 

7)     Godkjenning av endringar i vedtektene

 

8)     Medlemspengar for 2016

Styret gjer framlegg om at medlemspengane for 2016 blir 300,- kr.

9)     a) Turprogram for våren 2016

Sjå vedlegg

b) Heidersteikn 2015

 

10) Val

Framlegg frå valkomiteen blir lagt fram på møtet. Årsmøtet skal velja:

a) Styre:

b) Arrangement- og festkomité:

c) Revisor: Martin er på val.

d) Valkomité: Kjell Normann er på val. Dagfinn har eit år igjen.

 

11) Orienteringar

 

12) Ymse.