Referat frå årsmøte i «Gutta på tur Bremnes» 2016

 

Møtet vart halde i Erevik grendahus og starta kl.10.00. 38 medlemmer møtte.

 

Sak 1. Godkjenning av innkalling og sakliste

Saklista vart endra slik at Punkt 6 går ut og Punkt 7 lyder: “Endring  av vedtekter“. Innkalling og sakliste vart deretter godkjende.

 

Sak 2. Val av møteleiar og referent

Leiaren vart vald til ordstyrar og Øyvind Glittenberg til referent.

 

Sak 3. Årsmelding

Årsmeldinga vart opplesen og godkjend etter noko ordskifte.

 

Sak 4. Rekneskap

Revidert rekneskap vart framlagd og godkjend.

 

Etter benkeframlegg vart det nye styret pålagd å vurdera nytt elektronisk rekneskapsprogram.

 

Sak 5. Innkomne saker

Det var ingen innkomne saker frå medlemmene.

 

Sak 6. Framlegg frå styret

Går ut. (sjå punkt 1)

 

Sak 7. Godkjenning av endringar i vedtektene

Martin M.Sørenes vart vald til ordstyrar for denne saka, då leiar meinte seg ugild. Saka vart fyrst fremja på årsmøtet i fjor. Etter debatt vart det røysta over tre framlegg:

A) Inga endring i vedtektene om valg. Framlegget fall mot 6 røyster.

B) Halvdelen av styret skal velgjast kvart år.Framlegget fekk 32 røyster.

C) Ingen skal sitja i styret lengre enn 4 år.Framlegget vart vedteke med stort fleirtal.

   

Styret sitt framlegg om å innføra fleire sortar medlemskap vart nedstemt etter debatt.

Etter framlegg frå ordstyrar vart det vedteke at ev. framlegg til vedtektsendringar som måtte komma på årsmøta må realitetshandsamast på neste årsmøte.

 

Sak 8. Medlemspengar for 2016

Medlemspengane vert uendra kr.300,- pr. år. Ein betalar frå og med det årstalet ein vert medlem.

 

Sak 9. Turprogram og heidersteikn

A) Turprogrammet for våren 2016 vart gjennomgått og endra noko. Ny utgåve kjem.

 

B) Det vart delt ut 3 diplomar for 100 turar, 4 diplomar for 200 turar, 2 plakettar for 250 turar, 1 krus for 300 turar og 1 Cap for 350 turar.

 

Ole Mikal Nordtun og Lars Johan Fylkesnes fekk gåver for ekstra innsats.

 

Sak 10. Val

Martin M.Sørenes vart vald til ordstyrar i denne saka då leiar sa seg ugild.

 

Nye styremedlemmer: Bjørn Rolfsnes 2 år, Einar Kippersund 1år (Går inn i staden for Harald Økland).

Varamedlem i styret: Kåre Meling, Foldrøyhamn.

Attval: Johannes M. Sortland 2år.

Arrangementskomiteen: Jostein Hollund 2år.

Valkomiteen: Kjell Normann Habbestad tar attval.

Revisor: Martin M.Sørenes tek attval for 1år.

 

Når det gjeld val av og funksjonstid for revisor meiner årsmøtet at dette må opp som vedtaksendringsak på neste årsmøte, då dette manglar i vedtektene.

 

Sak 11. Orienteringar

Etter framlegg frå komiteen som arbeider for at Johannes Baldersheim skal bli kjend som den pioneren han var  i arbeidet med Stadt-tunnelen, vedtok årsmøtet samrøystes at kommiteen, på vegne av GPT, skal senda ei oppmoding til Bømlo kommune om å etablera eitt eller anna minne etter “Stadt-tunnelens far”.

  

Sak 12. Ymse

Leiaren overrekte blomar til Nils Bernhard Nesse og Martin Magne Sørenes for godt utført arbeid i styret og komitear.

 

 

Øyvind Glittenberg,referent         Magne Hallaråker          Sigurd Emil Sele         

                 (sign)                                 (sign)                           (sign)