ÅRSMELDING FOR TURÅRET 2015

 

 

Styret har vore slik samansett:

LEIAR:           Johannes M.  Sortland

KASSERAR:  Jan Westermoen

SEKRETÆR:  Harald Økland

NESTLEIAR: Nils Bernhard Nesse

 

Grunna helseproblem har Harald Økland måtta trekke seg frå styrevervet. Sidan det ikkje er vald varamenn til styret, har difor leiaren måtta ta sekretærjobben. Også Nils Bernhard fekk litt problem med helsa som gjorde at han har måtta stå over ein del turar i haust. Kjell Normann tok då på seg å føra lista over frammøte på turane. Me er ikkje lenger ungdommar nokon av oss og styret ser eit stort behov for at årsmøtet i framtida vel varamenn slik at styret kan vera fulltalligt.

 

Styret har hatt seks formelle styremøte pluss ein del telefonar og SMS-meldingar. Tre heime hos Johannes og tre i lokalane til B.D.F. (gamle B.B.B.) Eit hos Jørgen Gunnarsson  i anledninga Færøyturen. To frå styret og to frå arrangementkommiteen var med der.

 

Torsdagsturane : 

Me har gjennomført 36 turar i 2015. 18 på vårprogrammet og 18 på haustprogrammet.

 

I vårprogrammet hadde me 18 turar og ein dugnadsdag. Derav var me i lag med G.P.T. Stord to gonger. I tida 8. til 11. juni var me ein gjeng på ein fantastisk tur til Færøyane der Jørgin Gunnarson hadde opplegget frå A til Å. Færøyane baud på masse naturopplevingar og masse god mat og drikke. Men me må medgje at veret ikkje var mykje å skryta av.

 

I haustprogrammet hadde me og 18 turar + ein dugnadsdag derav to turdager i lag med Stord G.P.T.

Den 10. september var me borte på Tysnes og Onarheim. Arne Borgen (tidlegare G.P.T. medlem) var turvert og hadde klarert med ein kjenning av seg som var ansett hos Alsaker Fjordbruk AS der me fekk ein del historie om Alsaker konsernet. Etterpå køyrte og gjekk me opp på Blåbærhaugen på 297 m.o.h. og med ein flott utsikt. Me hadde og eit fantastisk flott vær. 

Den planlagde turen til Ryvarden fyr og over til Lyngholmen som har vore eit ønske frå medlemmane blei det ikkje noko av. Me har difor sett han opp som forslag på vårprogrammet no til våren.

 

Dugnadsdagane:

 28. mai og 3. september var det full fart i dugnadskarane. For ikkje å risikere å seia feil dato på utført arbeid, er det i år også retta opp ein del klopper, spikra ein del meter not som me får frå Fylkesnes Laks vederlags fritt. Så er det plassert ut tre runde bord med seter for 8 stk på kvart. Eit oppe på Mælandsåto, eit innerst i sløyfa på lysløypa og eit oppe på Sølvrusto. Bordet til Sølvrusto blei rodd inn til brua innerst på Finnås vatnet, så blei det ved god og villig hjelp bore opp på Sølvrusteklubben og montert saman av ein arbeidsvillig gjeng frå Basen. Dei same karane har óg hjelpte til og fått utplassert ein del treklopper som me har fått vederlagsfritt frå Rangvald Espevoll / Fremskritt.  Vidare er det utplassert ti kvilebenker: ein oppe på Hovda på Våge, ein ute i rundløypa til Brømsund og 8 kvilebenker inne i lysløypa til Fet. Bordet som er komme opp på Mælandsåto og Sølvrusto er betalt av Finnås Kraftlag. Dei 8 kvilebenkene og det eine bordet inne i lysløypa, ein benk på Hovda og ein ute på Brømsund er betalt av Hordaland Fylke.           

 

John`s Track ligg i traseen for det nye vegprosjektet og er difor både i år (2015) og sikkert neste år (2016) eit forbudt område. Så der blir det masse å ta att når me får tilgang der. Det er litt av det same for rundløypa Sølvrusto, der det er vankeleg å komma til  p.g.a. parkeringsvanskar.

 

Gåver:    

Det blei sendt søknad om økonomisk støtte til Finnås Kraftlag, der fekk me Kr 5000,-. Så blei det søkt til Hordaland Fylkes friluftsråd, der fekk me Kr 10.000,-.

 

Så fekk me ei gledeleg overrasking! Leiaren var beden om å stilla på dugnadsdagen 3. sep. sør på Våge og fekk der overrekt ei gåve på Kr 10.000,- frå Våge og Lykling gardslag. Det var eit spesielt ønske frå dei om at me skulle bruka dei pengane på vedlikehald av løyper der sør, men la ikkje direkte band på GPT sine vurderingar. Det vermer godt når dugnadsarbeidet vårt blir lagt merke til og verdsett på denne måten! Stor takk til Finnåd gardslag!       

                                       

Det blei ikkje søkt til Gjensidigefondet, dette p.g.a. det er så krevjande med oppfølging og rapportering for å få dette godkjent og så har det også litt med medlemmane si førlighet og almenn helse. Me får heller vente med Gjensidigefondet til det er tilkomst til John`s Track.

 

Blåturar og arrangement.

På hausten 2014 blei det prøvt på å få til ein busstur til Tyskland for G.P.T. med damer. Ein uskriven regel seier at det skal vera minimum 50% av medlemane påmeldt for å gjennomføra turen. Det vart det ikkje, men ved hjelp av å kjente å kjære til medlemer blei turen likevel gjennomført - men ikkje i regi av oss.

 

Like eins var det då me arrangerte  vårtur til Færøyane. Der blei det heller ikkje nok påmelde i forhold til deltakarprosent. Det var og eit tak p.g.a. plasser på hotell,  men denne turen blei og gjenomført ved hjelp av kjende og kjære.

 

Så no til sist var det julebordet. Med 16 av 53 medlemer så blei no julebordet utført til stor fornøyelse med både god og varm mat og varmt lokale, men me skulle veldig gjerne vore fleire.

 

Styret ønskjer å få ein debatt om kva som må til for å få meir interesse for slike turar og arrangement.  Det er lite inspirererande å legge masse arbeid i å planlegge ein ting der alle er interessert i å høyra om opplegget, men seier nei i etterkant til å vere med på det. Styret har våga seg til eit forslag i vårprogrammet om ein tur til Utsira ein dag det er fint ver og me kan ha damene med. Dette vil me gjerne at årsmøtet tek stilling til når me drøftar framlegget til vårprogram.

 

Siste tur-dagen før jul, den 17.desember, hadde me grautfest med musikk av 3 trekkspelnissar inne i Gapahuken på Fet. Det let godt i skogen når 37 mannsrøyster song julesongar av full hals. Det var populært og gjerne noko som bør gjerast opp att til neste jul. Det var påmelde 41 stk men kom 37 stk.

 

Medlemssituasjonen

På sist årsmøte blei det vedteke at me ikkje skulle sette tak på inntak av nye medlemer, men at styret skulle få vurdere dette til ei kvar tid. No i dag er me 54 medlemer. Det har hittil ikkje vore noko problem å ha kontroll over dette medlemstalet. Det største tal me har vore i på oppmøte ein torsdag er 42 stk (5. nov til Alvsvåg). Slik styret ser det, vil eit høveleg medlemstal vera om lag 50. Det sitjande styret ønskjer difor ein førebels stopp på inntak av nye medlemmer. Dette for å prøva å halda på kameratskapen og den gode kontakten.

 

Heimesidene

Sidan webredaktøren ikkje har vore medlem av styret dette året, har heimesidene blitt meir sporadisk oppdaterte. Dei blir likevel flittig besøkte og pr. 23. desember har totalt 33 376 ulike nettadresser vore innom heimesidene. Antal besøkande har auka for kvart år.

 

Skal heimesidene fungera slik dei er tenkt, er det viktig med ei tett kopling mellom styret og webredaktøren. Dette kan løysast ved at sekretæren samstundes er webredaktør, eller ved at årsmøtet kan velja ein webredaktør som går inn som ekstra medlem av styret, enten som fullverdig styremedlem eller medlem utan stemmerett.

                                                                                                                                                                                                                               Takk og ære

Sjølv om Lars Johan ikkje er den som har flest turar bak seg, er han i alle fall den som har rekorden i å skjera not. Det er han som har levert all not til  kloppene våre, både 1,30 og 0,70 bredde, det set me stor pris på! Det gjer nok også alle dei som bruker å gå på dei. Tusen takk!

 

Og så er det vår kjære og lett høyrbare, eminente krabbafiskar Ole Mikal. Me er klar over du får litt hjelp frå dine gode naboar med å lage til dette årlege naustkalaset, men me trur du stort sett ber meste arbeidet sjølv, ialle fall med å fiska krabben. Mange av oss var litt engstelege for at dette skulle falla bort då du sleit med helsa i fjor, men jammen laga det seg då òg! Det blir ein offisiell sørgedag for oss i G.P.T.  den dagen du ikkje vil eller kan utføra dette krabbakalaset meir. Me ser på stunda i naustet hos deg som eit av høgdepunkta i samværet vårt. Tusen takk til deg og hjelparane dine!

 

Til slutt vil me gjerne seia tusen takk til dåke medlemmar for eit fint og  lærerikt år som me har hatt ilag i  2015.

 

Styret 2015:

Leiar: Johannes M Sortland.   (sign)                                                  

Nestleiar:  Nils Bernhard Nesse.  (sign)

Kasserar: Jan Westermoen.  (sign)

…………………………………………………..