Innkalling til årsmøte 2015

Tidspunkt: 8. januar 2015 kl. 10.00

Stad:              Erevik grendahus

 

 

Sakliste:

1)    Godkjenning av innkalling og sakliste

 

2)    Val av møteleiar og referent

 

3)    Årsmelding

Sjå vedlegg.

 

4)    Rekneskap

Rekneskap og melding frå revisor blir lagt fram på møtet.

 

5)    Innkomne saker

a) Minnesmerke ved Stad skipstunnel (framlegg frå Dagfinn).

Det ser ut for at det går mot ei løysing for Stad-tunnelen no. Me veit at Johannes Baldersheim er blitt kalla Statd-tunnelens far.

Det er blitt teke til orde for at me i GPT tek initiativ til ei kronerulling for eit eventuelt minnesmerke for plassering ved tunnelen.

Dersom årsmøtet er positivt til dette må det oppnemnast ei gruppe som arbeider me dette.

Styret sitt framlegg til vedtak: Gutta på tur Bremnes ser positivt på eit slikt initiativ. Det blir oppnemnd ei gruppe på tre personar som kan utarbeida eit forslag til vidare handsaming og ev. kva type minnesmerke som  er aktuelt. Saka blir lagt fram til endeleg godkjenning på neste årsmøte.

 

b) Utviding av medlemstalet (framlegg frå Dagfinn).

Eg føreslår at me utvidar til 45 medlemmer i GPT. Anntal medlemmar som er med på dei ordinære turane har vore dalande dei siste åra – det har i haust vore heilt nede i 17. Det har også vore laber påmelding til turar me prøver og laga til utenlands o.l. Me har no 8 som står på venteliste, nokre har stått der i fleire år.

Styret sitt framlegg til vedtak: Medlemstalet blir utvida til 45.

 

6)    Godkjenning av endringar i vedtektene

a)   Dersom Sak 5 pkt b) blir vedteken, må første line i punktet «Deltakarar» i vedtektene endrast.

Ny tekst blir då: Pensjonistar – trygda over 60 år. For tida er medlemstalet avgrensa til 45.

 

b) I vedtektene står det at årsmøtet skal haldast 1. halvdel av januar.

Kasseraren meiner det kan by på problem å få rekneskapen forsvarleg revidert så tidleg i januar sidan årsoppgjer og bankutskrift ikkje er klart før litt ut i det nye året. Styret gjer difor framlegg om at teksten i vedtektene blir endra til:

Årsmøte:         Skal haldast i januar månad.

 

7)    a) Turprogram for våren 2015

Sjå vedlegg

b) Heidersteikn 2014

 

8)    Val

Framlegg frå valkomiteen blir lagt fram på møtet. Årsmøtet skal velja:

a) Styre: Sigurd Emil og Einar er på val. Johannes og Nils Bernhard har eit år igjen.

b) Arrangement- og festkomité: Halvor er på val. Martin har eit år igjen.

c) Revisor: Martin er på val.

d) Valkomité: Einar Kåre. er på val. Kjell Norman har eit år igjen.

 

9)    Orienteringar frå styret.

 

10) Ymse.