Årsmelding for 2014

Styret:

Styret konstituerte seg på møte 16. januar og har vore slik samansett:

Leiar: Johannes M. Sortland

Nestleiar: Nils Bernhard Nesse

Kasserar: Sigurd Emil Sele

Sekretær/webredaktør: Einar Kippersund

 

Styret har hatt tre formelle møter, i tillegg til ein del e-postar, telefonsamtalar og tekstmeldingar.

Turane:

Me har gjennom året hatt 33 ordinære turar, 17 om våren og 16 om hausten, i tillegg til årsmøte, dugnadsdagar og julabord. Turane har vore gjennomførte etter dei oppsette turprogramma - med nokre få endringar på grunn av veret o. l. Turen som var oppsett 28. august blei avlyst fordi han kolliderte med arrangementet «I manns minne». 

Nestleiaren har hatt ansvar for å føra oversyn over frammøte på turane.

Nokre av turane fortener særskild omtale:

Turane saman med «Gutta på tur» på Stord er til stor glede for begge laga. Me har vitja dei to gonger og likeeins har dei vore på gjenvisitt to gonger i løpet av året. Sjølv om veret har vore dårleg på nokre av desse turane, er det gildt å treffast.

Til siste vårturen vår i juni hadde Finnås kraftlag ved Nils Gunnar Gloppen invitert oss til omvisning på SKL sine anlegg i Blåfalli. På førehand var me lova «enkel bevertning» på kurssenteret på Matre, men den enkle bevertninga viste seg å bestå av full lunsj med kaffi og dessert. Ein interessant og minneverdig tur der også jentene våre fekk vera med.

Arrangementskomiteen prøvde i vår å få til ein medlemstur til Tyskland, men det var såpass laber interesse at denne turen blei avlyst. Turen gjekk likevel av stabelen, men ikkje i GPT sin regi.

Grunna sjukdom såg det ut til å spøka for den tradisjonelle krabbafesten i naustet hos Ole Mikal i år – men jammen ordna det seg denne gongen også! Det var mykje og god krabbe og me åt oss stinne dei fleste av oss. Stor takk til Ole Mikal som tek på seg dette arbeidet år etter år utan eingong å få dekka utlegga sine! Takk også til dei trufaste hjelparane som er med på å koka og reinska krabben.

Frammøtet har vore rimeleg bra i år. Det er alltid nokre som er sjuke eller vekkreiste, men det ser ut til at turgutane stiller på torsdagsmorgonane så sant dei kan! Størst frammøte hadde me på turane til Fylkesnes 6. februar og Stongarvågen 3. april då det var 34 frammøtte.  I snitt har me vore 26 på kvar tur. Det må likevel nemnast at ein del av oss skrantar litt på helsa slik at det vanlegvis er nokre som må gå alternativ rute i staden. Gjennomsnittet på dei ordinære turane ligg nok difor på om lag 20 deltakarar.

Julabordet gjekk av stabelen i grindabygget ved Kulleseidkanalen 13. desember. Festen blei glitrande leia av Martin som med sin lune humor fekk latteren til å skralla i plankeveggane. I tillegg bidrog den eine etter den andre med gode historiar. Magne trollbatt alle med referatet frå turen sin til Kilimanjaro. Svært interessant å høyra på og ei misunnelsesverdig oppleving det står respekt av!

Praten og dansen gjekk livleg utover kvelden. Takk til arrangementskommiteen for godt arbeid!

Litt statistikk: Til saman har me i 2014 gått om lag 3960 km. Ruslar me landevegen til Istanbul, har me gått 3675 km. Med andre ord: Samanlagt har me gått frå grusplassen ved Bømlohallen og eit godt stykke ned i Tyrkia. Sprekingar!

Dugnadsarbeid:

Det har vore tre «offisielle» dugnadsdagar i løpet av året. I år har dugnadsarbeidet i hovudsak vore knytta til arbeidet med skilting av turløypene. Dette arbeidet blei vesentleg større enn me hadde rekna med på førehand. Etter eit forsiktig anslag meiner styret det har gått med noko over 300 arbeidstimar til dette. Styret vil forhandla med Bømlo Turlag om kompensasjon for ein del av dette arbeidet.

Det har vore nokre justeringar i oppsettet av dugnadsgrupper, men stort sett har modellen for organisering av dugnadsarbeidet synt seg å fungera svært godt. Me må likevel ikkje vera så fastlåste i organiseringa at me ikkje kan hjelpa kvarandre på tvers av dei oppsette gruppene når det er trong for det.

Gåver:

Laget har søkt om, og fått tilskot frå fleire dette året.

Frå Finnås kraftlag, Sparebanken Vest og Wärtsiläfondet har me fått gåver på 5000,- kr hos kvar. Me har også søkt om ein større sum frå Gjensidigestiftinga, men har fått melding om at det diverre ikkje blei midlar til oss denne gongen. Dei minner om ny søknadsfrist i september og oppmodar oss til å søkja igjen.

Heimesidene:

Heimesidene er blitt populære og er flittig brukt – både av medlemmene og andre. Besøkstala er nær dobla i høve til fjoråret. Pr. 14. desember har totalt 10429 ulike nettadresser vore innom heimesidene i 2014. Sjølv om det kostar både pengar og ein del arbeid, ser det likevel ut til at det er verdt innsatsen.

Medlemssituasjonen:

«Gutta på tur» byggjer på samhald og kameratskap. Me har sett det som viktig å ta vare på kvarandre når nokon av oss har behov for det. For at me ikkje skal missa oversynet har me difor sett eit tak på 40 medlemmer. Me ser at ein del medlemmer av helsemessige årsaker må gå alternativ tur på torsdagane. Det vil difor ikkje vera noko problem å utvida medlemstalet litt. Me må likevel passa på at me ikkje blir så mange at me mister det gode og nære kameratskapet som har prega laget.

På venteliste for medlemsskap står no:

1.         Robert Halleraker

2.         Lars Gunnar Brekke

3.         Reidar Nesse

4.         Helge Halderaker

5.         Audun Sandvik

6.         Dag Lothe

7.         Kåre Meling

8.         Magne Stavland

9.         Jostein Hollund

10.      Alf Helge Stavland

Sluttord:

Styret vil takka alle som har bidrege med gode råd og som har hatt tolmodigheit med oss. Det har vore ei positiv oppleving å få vera med å leia laget dette året.

                                    Johannes M. Sortland (sign)

                                    Nils Bernhard Nesse (sign)

                                    Sigurd Emil Sele (sign)

                                    Einar Kippersund (sign)