Helsing til Bømlo kommune ved markeringa av 50-års jubileet for kommunesamanslåinga.

Ved 50-årsjubileet for Bømlo kommune fekk ein del utvalde lag og organisasjonar høve til å presentera seg sjølv og helsa til jubilanten. Kvart innlegg skulle opna med «Mitt Bømlo er» og kunne vera på maks 3 minutt – så det galdt om å begrensa seg. Formannen helsa frå Gutta på tur Bremnes slik:

(Helsinga blei framført munnleg – og den munnlege forma er forsøkt halden i teksten nedanfor)

Mitt Bømlo er:

Ei fantastisk flott øy – frå Espevær i sør te’ Brandasund i nord. Her e’ da trygt og godt å bu, å leva!

Adle kan ta del i da so Bømlo e’ aller rikast av – ein frisk, barsk og frodig natur!

Me i Gutta på tur ynskjer å vera med på hyllesten av kommunen vår som er 50 år.

Da e’ ein gjeng med spreke gubba’ eg representera’ i dag!

Lage’ vårt e’ ongt, berre tolv år – så slik sett er me gutongar i forhold til Bømlo kommune sine 50 år.

Me e’ i dag 40 medlemma’. Kvar torsdag kl. 9 møtest me til tura’ rundtomkring,  helst innanbygds - og gjerne ispedd med kultur og historie  frå dei plassane me går til. Ette’ kvart føle’ me at me kjenne Bømlo særs godt.

Oppmerking og tilrettelegging av turstia’ høyre’ naturle’ me’ i aktiviteten vår. Me trur og håpa’ at ditta arbeide’ gjer slik at fleire nytta’ seg av da flotta turterrenge’ som me har over heila Bømlo.

Andre aktiviteta’ me har vore me’ på e’ mellom anna å laga turkart og bok, bygd brue’, sett opp rastebenka’ – og ser de rauge merke rundt omkring så e’ da gjedna noken frå Gutta på tur som har vore og tagga.

Da å vera ein del av Gutta på tur-gjengen e’ sosialt. Da e’ ofte høge diskusjonar og me løyser verdens problem rett so da e’ – då e’ da verre med å bli enige om kommunale utfordringar. Men så e’ me jo ein fargerik gjeng og alle har meiningars mot. Me trivest i selskap med kvarandre og gler oss te å få lufta oss sjølve og meiningane våre kvar torsdag.

Ein gong eller to året – og når me fer utanlands – får konene våre vera med. Da helde! Då e’ me om muligt endo meir sosiale – og får ALLTID med oss kulturelle opplevelsa’ på slike tura’.

På ein stor dag som denne, når me ska’ minnast 50 år som ein kommune, så tenkjer me også tilbake på skulevegen. Mange av oss gjekk til skulen over haug og hammar – i tresko! Lite vega’, oppmerka løype’ og tursko i den tida. Når me ser den store utviklinga Bømlo kommune har vore gjennom på desse åra kan me ikkje seia anna enn at me e’ takknemlege og stolte over å bu i ein slik ekta og naturleg flott kommune.

Sjølv om me har gode vegar, store hus og scenar – tek me likevel på oss tursko og nyt frisk luft og flott natur – då trivest me godt!

Gutta på tur vil takka Bømlo for opplevelsen og ynskja kommunen til lukke med 50- årsjubileume’!