Oppslagstavlo!

I 30 år har bømloungdommane brukt russetida si til å samla inn pengar til kreftsaka. Gjennom åra er det blitt ganske mykje pengar!

Det er framleis ledige billettar til konserten....

 

Støtt dei!

Songkveldar i Erevik

 

Songkveldane i Erevik Grendahus våren 2018:

4. januar

1. februar

1. mars

5. april

3. mai

7. juni

 

Etter ferien startar me opp igjen 30. august

 

Vel møtt!

Her vil me som ei prøveordning legga inn meldingar og notat frå andre lag og organisasjonar dersom dei er relevante for medlemmane i GPT.

For å lesa nokre av sidene må du ha eit program som kan lesa PDF-filer.

Du har det truleg på maskina di frå før, elles kan du henta det ned ved å klikka på biletet til venstre.

Det er i motbakken det går oppover.

Eit par småstubbar

 

Ein av turgutane hadde fått eit sår på fingeren - og pysete som han var skunda han seg til doktoren.

"Det var godt du kom så fort", sa doktoren.

"Å, kvifor det?" ville turguten vita.

"Jau, for hadde du venta til i morgon hadde såret vore grodd!" sa doktoren.

 

Den må tidleg morast som god mor skal bli!

Ein av turgutane var på englandstur og ville få med seg ein fotballkamp medan han var der. Han kjøpte billettar for å sjå Tottenham mot Arsenal, men hadde kjøpt dei billigaste billettane som fanst, og setet var i hjørnet langt bak og han kunne knapt sjå kva som skjedde på grunn av ein storvokst familie på rada framfor.

I pausen såg turguten eit tomt sete ved sida av ein gammal mann rett ved midtstreken heilt nede ved reklameskilta og bestemte seg for å ta sjansen på å sette seg ved sida av mannen.

«Er dette setet oppteke?» spør turguten.

«Nei, vær så god, sitt» svarar den gamle mannen.

Bømlingen er stornøgd med det perfekte setet der han såg Tottenham knusa Arsenal. Han og den gamle mannen byrja å prata gjennom kampen, og han enda opp med å spørja om kvifor setet var tomt.

Den gamle mannen såg på bømlingen med eit trist blikk og sa, «Kona mi og eg har hatt dei same seta i 30 år og aldri gått glipp av ein kamp, men no har ho gått bort, så eg er her aleine.»

Bømlingen blei litt beklemt over å ha spurt, men han våga seg likevel fram med eit spørsmål til: «Dette er dei beste seta i hele stadion. Du kunne vel sikkert ha invitert med nokon barn, barnebarn eller vener?»

Den gamle mannen svarte: «Eg ville ha gjort det, men uheldigvis er dei i gravferda alle saman.»

 

Eit overtramp er òg eit fram-

steg.

 

Turveret kan vera dårleg, men humøret er alltid på topp!

Med sunn galskap og dårleg minne kan livet bli godt!